No kan 18-åringar i Noreg søkje om gratis interrailbillettar

Er du fødd i 2006 kan du no vinne gratisbillettar til å reise Europa på tvers, den årlege Erasmus+-konkurransen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

EU gir bort 400 gratis togbillettar til ungdommar i Noreg som blir 18 år i år.

Formålet er kulturutveksling på tvers av landegrensene, og søknadsfristen er 16. oktober. Konkurransen er open for alle som er fødde i 2006.

Divisjonsdirektør i Bufdir, Anne M. Solbu Kleiven oppmodar norske ungdommar til å gripe sjansen.

– Interrail gir ei utruleg fin moglegheit for norske ungdommar til å oppleve Europa. Ein slik togtur blir fort eit minne for livet og gir erfaringar ein kan ta med seg vidare på vegen.

Konkurransen fungerer slik at ein svarer på fem korte fleirvalsspørsmål og eitt gjettespørsmål. Dei som gjettar nærast vinn billettar, og resten hamnar på venteliste.

Ein kan melde seg på åleine eller saman med maks fire venner. Melder ein seg på som gruppe, får alle kvar sin billett viss ein vinn. Viss ein treng tilrettelegging for å kunne gjennomføre reisa, til dømes å ha med ein følgjeperson, kan ein seie frå om det når ein melder seg på.

Les også: Eg reiste på interrail aleine – prøv det du òg!

Interrail kunne tilby både utsikt frå togvindauget på nattoget mellom Stockholm og Berlin, og flotte bilete til BeReal frå San Sebastian i Spania.