Togbilletten blir billigare for studentar og barn

Frå 1. oktober blir prisane kutta på togbillettar for dei yngste. Barn får 75 prosent kutt, medan studentar slepp unna med halv pris.

NPK-NTB/Andrea Nøttveit
Publisert

Kutta gjeld på dei fleste region- og fjerntogstrekningar, ifølgje Jernbanedirektoratet.

Meir rabatt

  • Barn frå 6-17 år får 75 prosent rabatt på enkeltbillettar, mot 50 prosent tidlegare.
  • Studentar får no halv pris på både enkeltbillettar og periodebillettar, mot høvesvis 25 og 40 prosent rabatt tidlegare.

Endringa fekk SV gjennomslag for i budsjettforhandlingar med regjeringspartia på Stortinget.

– Skal vi lykkast i kampen mot klimakrisa, så må vi gjere det på ein måte som får med alle på laget, derfor må vi sørgje for ein omstillingspolitikk som også er rettferdig, påpeikar transportpolitisk talsperson for SV Mona Fagerås overfor NTB.

Gjeld lengre strekningar

Dei nye rabattane gjeld på fjern- og regiontog på alle strekningar der passasjerane ikkje reiser med tog til fylkesprisar.

– Vi har denne gongen prioritert dei lengre reisene. Blant dei mange strekningane som det vil bli billigare billettar for studentar og barn frå 1. oktober er Bergen–Oslo, Stavanger– Kristiansand, Oslo-Tønsberg og Trondheim-Bodø, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård då den nye prisordninga vart lansert i august.

Det betyr altså at rabattane ikkje gjeld innanfor områda til dei fylkeskommunale kollektivselskapa Ruter, Skyss, AtB eller Kolumbus.

Blant desse strekningane er Bergen–Arna, Oslo–Lillestrøm, Stavanger–Sandnes og Trondheim–Værnes.