Ungdomsorganisasjon åtvarar: – Barn og unge har tilgang til å konsumere overgrep

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er lett å tru at utnytting berre skjer på det mørke nett, med hardbarka overgriparar som sit og bestiller overgrep på Filippinane, men ein 14 år gamal gut eller jente som sit og surfar på Pornhub kan òg bli eksponerte for det.

Ragnhild Lindahl Torstensen er dagleg leiar i lightup Norge, ein internasjonal ungdomsorganisasjon som i Noreg først og fremst jobbar mot menneskehandel.

Uroa for seksuell utnytting under korona

Fredag lanserte dei rapporten Seksuell utnyttelse på digitale plattformer som set fokus på seksuell utnytting av barn og unge via internett.

Torstensen peikar på at det at alle i verda får tilgang til internett og dei godene det gjev er eitt av FN sine berekraftsmål, som verdas land tek sikte på å innfri innan 2030. Ho understrekar at teknologien har mange positive sider for sosialisering og samhandling, både i skule- og jobbsamanheng.

Men i likskap med FN er dei uroa for at barn og unge er meir utsette for overgrep via nett under koronapandemien.

– Sårbare og barn og unge hamnar i ein situasjon med stengde skuledører, men tilgang til pc eller nettbrett. Er ein einsam eller isolert er sjansen større til å kome i kontakt med overgriparar, seier Torstensen.

– Seksuell utnytting aukar på grunn av koronakrisa og me har ikkje gode nok system for å hindra at ikkje overgrep hamnar på opne nettsider, understrekar lightup-leiaren.

Pornhub i hardt vêr for overgrep

Organisasjonen lightup har teke til orde for å stenga nettstaden Pornhub gjennom å tilslutta seg kampanjen «Traffickinghub», som har samla inn over 2 millionar underskrifter mot nettstaden.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av lightup Norway (@lightup.norway)

I kjølvatnet av kampanjen avslutta Mastercard og VISA sine økonomiske samarbeid med Pornhub. Det skjedde etter at New York Times avslørte at pornonettstaden har vidareformidla videoar av mindreårige. PayPal avslutta samarbeidet sitt med pornonettstaden allereie i fjor og no er kryptovaluta ein av dei einaste måtane å betala på nettsidene.

Etter dette har Pornhub teke grep og fjerna over ti millionar videoar, nesten 80 prosent av innhaldet sitt frå nettsidene.

Torstensen trekker fram titlar som «Barely Legal Thai Street Teen Fucked And Facialized for 5 Dollars» som døme på videoar som normaliserer overgrep mot sårbare barn og unge.

Tittelen er reell og henta frå eit døme organisasjonen posta på sosiale medium i mai. Då hadde videoen 4,4 millionar visningar og 71 % har likt innhaldet.

Det tykkjer Torstensen er skremmande og fryktar det kan vere med å normalisere overgrep for unge brukarar.

Ifølgje ein ny rapport frå Medietilsynet og Redd Barna har nesten halvparten (49 prosent) av barn og unge sett porno. Av desse hadde 60 prosent sett det før dei fylte 13 år.

– Barn og unge har tilgang til å konsumere overgrep, åtvarar Torstensen.

Varsla om seksualisert innhald på Instagram

I tillegg har NRK den siste tida avslørt at seksualiserte bilete av barn er å finna på Instagram. Til NRK svara sjef for retningslinjer i Facebook Norge, Marianne Neraal, at dei gjer alt dei kan for å fjerna slikt innhald frå sine plattformer.

– Vi fjernar kontoar som spreier eller tilbyr denne type materiale så fort vi oppdagar dei, seier ho til NRK.

Likevel vart ikkje alle kontoane som var varsla om fjerna og advokat Jon Wessel Aas meiner plattforma kan haldast rettsleg ansvarleg.

Også lightup Norge har opplevd å få beskjed om at Instagram ikkje har tid å svara på førespurnadane deira, då dei under første del av koronanedstenginga varsla om liknande bilete.

– Medieplattformene må ta meir grep for å hindra seksuell utnytting på sidene deira. Pornhub tener pengar på at folk lastar opp overgrepsmateriale der barn og unge er involverte og dei er ikkje opptatte av å ha nok moderatorar, meiner Torstensen.

Skjermdump: Tiktok

– Noreg må setje standarden

Ho gler seg over initiativa frå Mastercard og Visa overfor Pornhub, samt norske KLP, som i fjor bestemte seg for å ikkje investere i selskap som tener pengar på pornografi.

Lightup-leiaren meiner dette er tydelege signal, som burde kome mykje før.

– KLP er eit døme til etterfølging, men me er uroa for at Noreg ikkje tek tilstrekkelege grep for å motverka seksuell utnytting, seier Torstensen.

Ho håpar likevel at arbeidet med Noreg sin strategi mot moderne slaveri, samt strategien mot nettrelaterte overgrep kan ta tak i problemet.

– Noreg må setje standarden og vera ein pådrivar internasjonalt. Nokre viktige tiltak må på plass for å hindra at det skjer, men ein stor del av det dreier seg om å bevisstgjere barn og unge, seier Torstensen og forklarar:

– Ein må jobbe med å få opp den kompetansen slik at ein veit korleis ein unngår å bli utsett for seksuell utnytting og korleis ein kan unngå å mate opp om seksuell utnytting gjennom redusert pornobruk og haldningsendring.


Les også: Pornoavhengigheita gjorde at Gjermund (31) såg annleis på venninner

Gjermund Øystese var avhengig av pornografi i ungdomsåra: – Som tenåringar flest blei eg nysgjerrig. Foto: Privat