I vår mediekvardag er pornoen aldri meir enn eit tastetrykk unna. Kva gjer det med unge sitt forhold til sex?

Gjermund Øystese (31) var avhengig av pornografi gjennom ungdommen. Etter å ha sett seg inn i korleis det påverka han, og korleis bransjen fungerte, bestemte han seg for å kvitte seg med avhengigheita.

I åra etter har KrF-politikaren halde føredrag for kyrkjelydar, konfirmantar og ved konferansar om forholdet sitt til pornografi, og korleis det kan skape eit dårleg forhold til sex hos unge.

– Det starta i sjetteklasse. Eg hadde ein kamerat som viste meg pornografi. Som tenåringar flest blei eg nysgjerrig, seier Gjermund Øystese.

Såg annleis på venninner

På ungdomsskulen blei det normalt å sjå pornografi. Gjermund opplevde at det tok mykje av merksemda, samtidig byrja han å vurdere om det han såg var bra for han.

– Eg reflekterte over kva det gjorde med meg, og korleis det fekk meg til å tenke på andre, spesielt jenter. Plutseleg tenkte eg på nære venninner på pornografiske måtar, og det ville eg ikkje.

Plutseleg tenkte eg på nære venninner på pornografiske måtar

I byrjinga av 20-åra budde Gjermund i Bergen. Han hadde teke ei beslutning om å slutte å sjå porno, og samla nokre venner heime hos seg for å fortelje det.

– Det var nøkkelen for å kome ut av det. Vi blei ei gruppe på fire gutar som delte problem, ikkje berre med porno, men andre ting òg. Sidan vi var kristne kunne vi snakke og be saman om det, i staden for å måtte gå gjennom det åleine.

Valdelegare

Gjermund Øystese ønskte ikkje å bidra til pornoindustrien ved å bruke tida si på det, etter å ha lese seg opp på industrien og opplevd korleis det påverka hans eiget syn på kvinner. Foto: Privat

I åra etter heldt han føredrag om avhengigheita si i kyrkjelydar for konfirmantar, og ved ulike konferansar.

– Ungdomane og studentane var glade for at eg tok det opp og snakka opent om det. Avhengigheit er aldri gøy, uavhengig av kva det er.

Øystese har jobba i ungdomsarbeid i ti år. Frå samtalar med unge ser han at pornografi kan skade korleis dei tenker om sex, då det ofte er det første møtet dei har med det.

– Dagens pornofilmar er mykje valdelegare enn før. Normen er at jenter blir slått eller kvelt og at mannen gjer det han vil trass kva ho seier, slik det er nærast valdtekt.

Ifølge Barn og medier-undersøkelsen frå 2018 har 42 prosent av ungdom i alderen 13-18 sett porno på nett.

– For gutar er det å sjå porno normalt, medan det framleis kan vere tabu for jenter, men bransjen retter seg no i større grad òg mot jenter.

Blei tøysa med

I januar 2019 blei Gjermund Øystese utnemnd til politisk rådgjevar for utviklingsministeren Dag Inge Ulstein (KrF). Fleire aviser fann føredragsinnlegg om han og pornoavhengigheita hans på nett, og valte å fronte fleire saker på det.

Det var Øystese førebudd på. Knut Arild Hareide hadde på førehand snakka med han og gav eit varsku om at det kunne skje. Han var òg medviten på kva som låg ute av informasjon om han på nett.

Trass dette, opplevde han sakene som blei publiserte om utnemninga som usakleg.

– At eg har vore avhengig av porno i tenåra har ikkje noko å seie om min jobb som rådgjevar for utviklingsministeren, og eg opplevde det som urettferdig vinkling. I den første saka omtalte ingressen det som ei «jomfruavgjersle» av statsråd Ulstein, men det blei seinare byta om. Det var mykje slikt.

NRK, som var først i å omtale Øystese si utnemning til rådgjevar, fekk seinare kritikk i kringkastingsrådet på grunnlag av dette.

Øystese meiner at om han hadde vore tidlegare alkoholavhengig, i staden for pornoavhengig, hadde dekninga av utnemninga vore annleis.

– Det hadde ikkje blitt trekt fram på same måte som med porno. Mediene veit at sex skapar klikk.

Kan ein bli avhengig av alt?

Kva er eigentleg å vere avhengig av noko, og kven bestemmer om ein er avhengig? Er det skilnad på å vere avhengig av alkohol og porno? Heroin og Instagram?

På Oslo Universitetssjukehus jobbar Asle Enger som medisinskfagleg rådgjevar ved avdelinga for rus- og avhengigheitsbehandling.

Ved avdelinga brukar dei desse kriteria for å avgjera om nokon er avhengig av noko:

  • Det er noko ein har sterk lyst eller kjensle av trang til å oppretthalde.
  • Ein får fysiologiske abstinensstilstandar når substansbruken har opphøyrd eller er redusert.
  • Ein har utvikla toleranse for det, slik at auka substansdosar er nødvendig for å oppnå den same effekten som mindre dosar tidlegare gav.
  • Det er noko ein har problem med å kontrollere inntaket eller bruken av.
  • Ein kjenner aukande likegyldigheit overfor andre gleder eller interesser, og stadig meir tid blir brukt på å skaffe seg det.
  • Ein held fast på substandsbruken trass i openberre teikn på skadelege konsekvensar.

Om nokon oppfyller tre av desse seks kriteria har ein avhengigheit (ICD-10 klassifisering).

Asle Enger ved Oslo Universitetssjukehus meiner ein må skilje mellom avhengigheit og dårleg vane. Foto: Privat.

Dårleg vane eller avhengigheit

Mange nordmenn har avhengigheitsatferd. Det viktige for Enger er å skilje på kva som er ein avhengigheit, og kva som er ei dårleg vane. Det gir desse seks punkta haldepunkt til.

Han trekker fram å bruke mobiltelefonen før ein sovnar som eit døme på ein dårleg vane, som ikkje er ein avhengighet. Ein kan òg seie at ein dårleg vane er noko ein relativt lett kan slutte med.

– Om ein må sjå porno og ikkje klarar å slutte, som resulterer i ubetalte rekningar, og opplever det som eit problem, har ein all grunn til å føle det som problem, kommenterer Enger.

Enger peikar på at ulike former for avhengigheit er så utbreidd at det burde vere meir normalt å prate om.

– Avhengigheit er så vanleg, men framleis så tabu.

Sex er framleis tabu

Journalist og fungerande Si ;D-ansvarleg Jakob Semb Aasmundsen (23) er er aktuell med debutboka Fri? Fanget i en seksuelt frigjort tid. Den tek føre seg kor vidt vi eigentleg er seksuelt frigjorde i dag.

Jakob Semb Aasmundsen har skrive bok om vi er så seksuelt frigjorde som vi trur vi er. Foto: Privat

Som ein ung mann i 20-åra har pornografi alltid vore lett tilgjengeleg for Jakob, eller som han seier:

– Eg har alltid vore eit tastetrykk unna porno.

Det er lenge sidan pornografi bestod av magasin som gjekk på rundgang i skulegardane. No er det tilgjengeleg på mobil, iPad og laptop, som gjerne born i barneskulen får.

– I staden for at dei blir møtt med seksualitet på ein fin måte, blir den valdsame og grove underhaldninga tilgjengeleg med ein gong. Det trur eg vi må vere medvitne på.

Skilje porno og sex

Semb Aasmundsen er ikkje motstandar av pornografi. Det han vil få fram er eit medvit om at sex og porno ikkje er det same. I tillegg er han kritisk til kva porno som blir laga.

– Det er mykje vald og skeive kjønnsroller. Det skal vere ein dominant part som tek føre seg, og ein part som blir kapra på brutalt vis. Eg er skeptisk til korleis det kan påverke oss og unge, og korleis vi behandlar kvarandre i senga. Slik eg ser det er porno med på å gjere oss dårlegare å setje grenser, seier Aasmundsen.

Han meiner valdsbruken gir unge ei vrangforestilling av sex og gjer dei dårlegare på å setje grenser.

– Er det greitt å kome i andletet på nokon utan å spørje? Klaske nokon fordi det er spanande å vise at ein har kontroll? Leikekvelning som i porno? Eg er for alle moglege ting og typer av seksualitet, men det er ikkje alt som passar alle, og ein må ha betre dialog for kva som er innanfor og ikkje, seier Semb Aasmundsen.

Halde tilbake

Å ha nokon å prate med var nøkkelen for Gjermund Øystese. Samstundes har han, som kristen, eit konservativt verdisyn på sex, som å vente med å ha sex til ekteskapet.

I ettertid opplever han at måten sex blir framstilt, ikkje berre i porno, som grådig.

– Sex er ei kjelde til noko av det beste mellom menneske, og kan samtidig vere noko av det verste eit menneske kan oppleve. I dag blir ein fortalt gjentekne gongar at det berre er å køyre på og ligge rundt, men kvifor er det så gale å løfte opp trufastheit og eit konservativt verdisyn i forhold til sex?

Prosjektleiar i Unge funksjonshemmede, Anette Remme, er èin av tre nominerte til Skamløsprisen 2019.
Oppdatert: måndag 9. mars 2020 08.47

LES OGSÅ

ANNONSE