Unicef: Mange barn er bekymra for krig i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

10 prosent av dei spurde seier at dei er bekymra for dette heile tida.

Undersøkinga er gjord blant rundt 600 barn og unge mellom 13 og 19 år i samband med den dramatiske situasjonen som no er i Ukraina.

Viktig å snakke om det

På spørsmål om dei bekymrar seg for det som skjer i Ukraina, svarer så mange som 91 prosent at dei er bekymra heile tida eller av og til.

– Dette viser kor viktig det er at vaksne snakkar med barn og unge om det dramatiske som no skjer i Ukraina og nabolanda. Det at vaksne er opne og lyttande og prøver å svare etter beste evne, er viktig for å dempe frykt og uro blant barn og unge, seier direktør for Barns rettar, Kristin Oudmayer, i Unicef Noreg.

Videoar på TikTok

Undersøkinga viser òg at nyheitsmedia er den aller viktigaste kjelda barn og unge brukar for å halde seg oppdatert om situasjonen i Ukraina, medan TikTok kjem på andreplass.

– Det er òg viktig at vaksne no tek seg tid til å forstå TikTok, som fløymer over av sterke videoar med menneske på flukt, skadde barn og vaksne – i tillegg til mange falske nyheiter, seier Oudmayer.

Heile 68 prosent svarer ja til at dei har nokon å snakke med om det dei ser og høyrer.

– Vaksne må ta initiativ til samtalar og gjerne få barna til vise fram innhaldet og hjelpe dei å forstå og tolke det dei ser rett, seier ho.

Svara er samla inn digitalt det siste døgnet og kjem frå 13-19-åringar i alle fylka i Noreg, inkludert Svalbard.


Ukraina får mykje støtte, her i form av blomar utanfor den ukrainske ambassaden. Men Redd Barna melder også om at barn og ungdom med russiske foreldre eller russisk opphav opplever å bli hetsa på grunn av krigen. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK