Astronautane øver på måneferd – under vatn

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om Nima som kan bli den første nordmannen i verdsrommet.

Dykkarane testar ut tilhøva i eit spesiallaga symjebasseng, som heiter Neutral Buoyancy Laboratory (NBL) i Texas i USA.

Bassenget er om lag 12 meter djupt, og det gjer at astronautane kan trena i eit miljø som liknar kjensla av å vera på overflata til mars, skriv BBC. 

Som ein del av testane vart alt lys skrudd av, og det var sett opp svarte gardiner rundt bassengveggane.

Grunnen var at dei ville minimera alle refleksjonar av lys.

GIF: giphy.com

Aldri vore på skuggesida

NASA har som mål å senda folk tilbake til månen som ein del av Artemis-oppdraget i 2025. Etter planen skal det vera det første oppdraget der ein farga person og ei kvinne får reisa til månen.

Men som me veit, har det tidlegare vore fleire menneske på månen vår. Dei har alle vore på oppdrag nær månens ekvator, som heile tida er lyst opp av sola. Denne gongen, er det derimot ikkje dit astronautane skal.

Skal utforska den mørklagde sørpolen

Planen er nemleg at astronautane no skal utforska månens sørpol, som er eit mørkt skuggeområde der forskarar trur at det kan finnast vass-is.

Derfor førebur astronautane seg no på korleis det vil vera å komma til ein mørklagd måne.


Illustrasjonsfoto: Pixabay