Nima (39) håpar å verte første nordmann i verdsrommet
Denne veka starta Nima Shahinian (39) frå Hakadal eit treningsprogram i Moskva med ambisjon om å bli den første nordmannen i verdsrommet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Treninga finn stad på Yuri Gagarin Cosmonaut Training Center i Star City utanfor Moskva. Det endelege målet er å reise til den internasjonale romstasjonen (ISS).
– Etter fleire år med førebuingar er det godt å endeleg vere på plass i Star City, og ta første steg på vegen som eg håpar vil ende med at eg reiser til romstasjonen, seier han.
View this post on Instagram
- Lurer du på kva som krevst for å verte astronaut? Desse eigenskapane ser NASA etter!
Jobba i det skjulte i to år
Medan European Space Agency (Esa) har gått breitt ut i jakta på eit nytt parti astronautar, har Afghanistan-veteranen, industridesignaren og tobarnsfaren busett på St. Hanshaugen i Oslo, jobba i det skjulte i meir enn to år med å realisere prosjektet sitt.
Som ein del av eit framtidig opphald på ISS, siktar han på å delta i den første romvandringa i historia gjennomført av ein privat aktør.
Roskosmos, Nasa og Esa trenar alle astronautane sine, som blir skotne opp til ISS med den russiske Sojuz-raketten, i Star City.
- Les også om historias første romvandring med berre kvinner: – Verkeleg fint å sjå kor langt vi har kome
Første runde astronauttrening
39-åringen skal i første runde gjennom ei intensiv veke med astronauttrening, som ein del av eit tilpassa treningsprogram i regi av det amerikanske romfartsselskapet Space Adventures.
– Denne treningsrunden i Star City er den første av mange, viss alt går bra. Dei neste to åra skal eg bruke mykje tid her, seier Nima Shahinian.