Då eg var 20: Runar Gudnason starta internasjonal anarkistforeining i ein skog

Helene Hovden Hareide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år er det 20 år sidan Runar Gudnason (48) starta Side Brok saman med Bård Aasen Lødemel, og etablerte rap frå bygda som eit musikalsk fenomen verdt å lytte til. Råning, svele-steling og heimebrent sprit er mellom konsepta som vert tekne på alvor, og lyfta på ein smart og humoristisk måte i gruppa sine tekstar.

Tjue år seinare held Side Brok framleis koken med jamnlege konsertar, skjønt dei i songtekstane har gått over til råning med sykkel og mikrobrygga øl.

Vi tok ein prat med mannen bak Sjef R og Torstein Hyl III om kva han dreiv med i åra før platedebuten.

Me farta rundt i ein slik Volkswagen-buss som var vanleg på hippietida.

Kvar var du då du var 20? Korleis var kvardagen? 

1992 starta med andre semester på Agder folkehøgskole i Søgne, der eg gjekk på filmlinja. Det var ei fin tid, og dagane gjekk stort sett med å sjå film, snakke om film og lage film. Og så fekk eg nokre nære vener som eg har den dag i dag.

Etter sommaren flytta eg til Fløysvik, ei lita bygd utanfor Sandnes, i lag med eit par vener frå folkehøgskulen. Rettare sagt litt utanfor Fløysvik igjen, i ei hytte oppe i skogen. Der levde me stort sett av poteter, brød og rulletobakk mens me prøvde å starte ei slags internasjonal foreining som handla om økologi, miljøvern og anarkisme.

Illustrasjonsfoto: Unsplash

Me hadde kontakter i ein del sentral- og austeuropeiske land, og fór etter kvart dit òg, men det vart aldri det heilt store. Men det var kjekt på tur! Me farta rundt i ein slik Volkswagen-buss som var vanleg på hippietida.

Hugsar du kva som skjedde?

Utan å google?

Eg hugsar at George Bush senior var president i USA, og at han nettopp hadde kriga i Irak, og eg hugsar at det var mykje diskusjon om EU-medlemsskap i Noreg (det var folkeavrøysting i 1994).

 

Så på gebursdagen min låg eg der, heime med mor, avmagra og med kjevelås.

Men det eg hugsar aller best, og som eg kanskje var mest opptatt av, var den relativt nye opninga av landa i aust. Dei kommunistiske regima gjekk i oppløysing i 1989, og eg kjende mange folk der borte, og var der ein del, som sagt. Det var frykteleg spennande å snakke med folk på vår eigen alder, for me hadde det til felles at me hadde vekst opp under den kalde krigen, på kvar vår side, og med eitt var det heilt nye tider.

Det er rart for meg at det allereie er så lenge sidan. No er det ingen ungdommar i desse landa som veit korleis det var, alle er fødde etter at regima fall. Dessutan vart Tsjekkoslovakia delt opp i Tsjekkia og Slovakia frå og med 1. januar 1993, og eg var der både før og etter delinga. Slike endringar er òg svært spennande å sjå på nært hald.

Kva las du/såg du på/lytta du til? 

Eg hugsar at eg las Seierherrene av Roy Jacobsen det året, men elles lite skjønnlitteratur, desto meir anarkistisk tenking: Mikhail Bakunin, Pjotr Kropotkin, Jens Bjørneboe.

Ei sterk kjensle av fridom og av at alt er mogleg – noko som til og med er nesten sant.

Utover jazz, som eg har høyrt mykje på heile livet, gjekk det mykje i tung og hard rock, til dømes «Badmotorfinger» av Soundgarden – framleis ei glitrande plate. Og så var det òg på denne tida eg gjenoppdaga hip-hopen. «Check your head» av Beastie Boys kom til dømes det året.

Hugsar du 20-årsdagen din?

På grunn av ein kjeveoperasjon rett før jul i 1991, måtte eg vere heime frå folkehøgskulen i heile januar. Så på gebursdagen min låg eg der, heime med mor, avmagra og med kjevelås. Det kom eit par vener på besøk, og eg drista meg til å drikke eit glas likør med sugerør. Vart heilt susete i toppen, lo litt og slokna igjen.

Det er aldri for seint å ha planar og håp om kva ein skal bli!

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Hytta i skogen. Det er den eg ser fyrst når eg tenker tilbake på den perioden. Hytta og trua på kva me kunne få til. Ei sterk kjensle av fridom og av at alt er mogleg – noko som til og med er nesten sant.

Illustrasjon: Colourbox

Visste du kva du skulle bli i livet?

Ja, eg var rimeleg sikker: Eg skulle jobbe med film, enten som regissør eller manusforfattar. Eg har eigentleg framleis ein plan om det, det kom berre noko musikk i vegen i eit par tiår. Det er aldri for seint å ha planar og håp om kva ein skal bli!

Eg ville sikkert tenkt at han der var ein rimeleg naiv jypling.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg trur eg var svært uroleg for verdssituasjonen, og svært optimistisk på eigne vegner! I dag er eg kanskje litt meir realistisk innstilt på begge område, men elles liknar det nok ein del. Eg er ein ukueleg, og litt bekymra, optimist. Det skal eg ha.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Eg ville sikkert tenkt at han der var ein rimeleg naiv jypling. Ein gutunge med ei blanding av altfor høg og altfor låg sjølvtillit. Litt teit, men også kreativ og nysgjerrig. Heilt topp 20-åring, altså.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Med fare for å verte oppfatta som kjedeleg og/eller høg på meg sjølv: Ingenting. Den 20-åringen gjorde mykje bra og minst like mykje mindre bra. I dag har eg det alt i alt fint, så då gjekk det no greitt. Så kanskje eg ikkje ville gitt meg eit råd, men heller berre heia litt: Du gjer det bra! Stå på. Det går seg til. Snakkast.

I sin fyrste sommarjobb klipte Bård Aasen Lødemel kantar, beisa og mala. Foto: Privat/Isak Okkenhaug