Care: Partnarvald er eit av verdas største likestillingsproblem

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Partnarvald mot kvinner er eit stort globalt problem som ofte er godt skjult. Det gir enorme konsekvensar for både kvinner, familiar og samfunn. No må vi få auga opp for eit av verdas største likestillingsproblem, skriv Care Norge i ei pressemelding.

Organisasjonen peikar på at partnarvald er den mest utbreidde forma for kjønnsbasert vald globalt. 

Victoria Korsnes Nordli, som er rådgjevar og ekspert på kjønnsbasert vald hjå Care Norge, understrekar at partnarvald ofte er vanskeleg å leggje merke til og vite om. 

– Det skjer overalt, også på offentlege stadar, men veldig ofte føregår det bak lukka dører i heimen. Det er mykje stigma og ofte skam knytt til slik vald, og mange snakkar difor aldri om det.

Ho legg til at fleire kvir seg for å søkje hjelp, då dei fryktar at valden kan bli verre, og at det i mange land er lite informasjon om tilgjengelege tenester.

– Vald utført av ein partnar eller ekspartnar råkar altfor mange kvinner. I fleire land er slik vald normalisert, også i Europa, fortel Victoria Korsnes Nordli. Foto: Care Norge

Kvar fjerde kvinne utsett for vald

Care viser til ein ny studie som er publisert i det anerkjente tidsskriftet The Lancet. Forskarar frå Verdas helseorganisasjon (WHO) og andre institusjonar har gått gjennom 366 studiar gjennomførte i tidsrommet 2000 til 2018 i 161 land.

I analysen deira kjem det ifølgje NTB fram at 27 prosent av kvinner mellom 15 og 49 år i verda har blitt utsette for fysisk eller seksuell vald frå partnaren sin. 

– At så mange som ein firedel av alle kvinner under 50 år har opplevd vald frå partnaren sin, er eit stort varsko om behovet for å auke investeringar i førebyggjande tiltak, samt sikre at det er tilstrekkeleg med tenester og informasjon som når ut til alle, uttalar Nordli i Care.

Også eit problem i Noreg

– Dette er dessverre eit utbreitt problem også i Noreg, fortel ho.

Ifølgje Krisesentersekretariatet har fleire kvinner enn menn, 8,2 prosent mot 1,9 prosent, vore utsette for alvorleg vald frå partnar. 

– Sjølv om både menn og kvinner kan oppleve partnarvald, blir kvinner i større grad utsette for den alvorlegaste og langvarige valden.

Pandemien har forverra situasjonen

Ifølgje FN auka talet på valdstilfelle mot kvinner og jenter med 83 prosent i 12 land mellom 2019 og 2020.  

– Når kriser inntreffer, har vi sett at opptil 2 av 3 kvinner opplever å bli utsette for vald, seier Nordli.

Ho forklarar at mange kvinner under pandemien har vore meir heime saman med ein valdeleg partnar, og at det i kombinasjon med ein usikker kvardag, stress og økonomiske vanskar kan føre til meir vald.

– Samstundes har ein vore separert frå støtteapparat og tenester, og då blir det ikkje registrert. Det er difor vanskeleg å seie kor mange som faktisk har opplevd partnarvald under pandemien, men vi fryktar at talet er høgare enn det som faktisk er rapportert.


Flashmob av "Un violador en tu camino - Lastesis" ved Jernbarnetorget, Oslo 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Flashmob av “Un violador en tu camino – Lastesis” ved Jernbarnetorget, Oslo 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall