Over 40 varsel mot universitets- og høgskuletilsette dei siste tre åra

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Khrono , som har bede alle dei offentlege universiteta og høgskulane, og dessutan dei største av dei private, om å få tal på varsel om seksuell trakassering for 2019, 2020 og 2021.

Ikkje alle har svart, men blant dei som har det, er det Universitetet i Bergen (UiB) som har fått flest varsel mot tilsette om seksuell trakassering – med ni varsel.

– Sjølv om vi har flest saker som er rapporterte, fryktar eg at det framleis er fleire vi burde ha fanga opp. Dette må vi arbeide vidare med, slik at vi reelt sett får redusert talet på personar som opplever uønskte hendingar, seier universitetsdirektør Robert Rastad ved UiB.

I alt melder dei elleve institusjonane som har svart, at dei har fått 39 varsel mot tilsette dei siste tre åra. I tillegg oppgir UiT Noregs arktiske universitetet at dei har hatt mellom to og fem saker kvart av dei tre åra.

Når det gjeld varsel mot studentar, har institusjonane som har svart registrert 87 dei siste tre åra. Universitetet i Oslo er på topp med 32.


Sigrid Tviberg og Piniel Demisse meiner det er på tide med ei avkolonisering av akademia. Foto: privat, Benjamin A. Ward/OsloMet, Bente Kjøllesdal/Framtida.no kollasj Framtida.no