KFUK-KFUM beklagar skaden organisasjonen har påført skeive
Den kristne organisasjonen KFUK-KFUM beklagar å ha påført skeive menneske skam, smerte og skade.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tidlegare denne veka beklaga Bispemøtet dei historiske haldningane sine til homofili i samband med at det var 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili i Noreg. Fredag følgjer KFUK-KFUM opp med unnskyldninga si:
– Den nylege fråsegna til biskopane gir oss eit godt høve til å no, offisielt og ope, be om unnskyldning for den skam, smerte og skade vi har påført skeive, skriv forbundsstyreleiar Sven Larsen og generalsekretær Øystein Magelssen i ei pressemelding.
Stigmatiseringa fekk sterke negative konsekvensar for folks personlege utvikling, arbeidsliv, helse, sosiale liv og tilknyting til kristne fellesskap, skriv dei.
- Les også intervjuet med Emilie (23) som vaks opp i ein pinsekyrkjelyd, der homofil og lesbisk var skjellsord: Då ho kom ut som skeiv miste ho krinsen sin
Skeive i rørsla gjekk i skjul
Organisasjonen viser òg til ein episode i 1988 då den tillitsvalde Berge-Andreas Jenvin-Steinsvåg vart kasta ut av KFUK-KFUM etter å ha stått fram som homofil.
– Med den tydelege offentlege avstanden mot homofile og lesbiske deltakarar vart konsekvensen at homofile og lesbiske gjekk i skjul i rørsla vår, meiner organisasjonen. Den trekkjer fram at mange lesbiske og homofile trekte seg ut i «frykt og redsel» eller levde dobbeltliv.
– Desse menneska, medlemmene og leiarane våre, var allereie ei utsett samfunnsgruppe som vart diskriminert på ei rekkje samfunnsarenaer. Det skulle dei ikkje ha opplevd hos oss.
- Les også: Florida: «Don’t say gay»-lovforslag vil forby lærarar å undervise om LHBT+