Ein av fem unge på vidaregåande har brukt cannabis

20 prosent av elevane på vidaregåande skule seier i ei spørjeundersøking at dei hadde brukt cannabis, men berre vel 6 prosent har brukt det den siste månaden

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei spørjeundersøking Folkehelseinstituttet har gjennomført.

3.500 elevar frå 34 vidaregåande skular deltok i undersøkinga.

Ein av fem elevar rapporterte erfaring med bruk av cannabis, det vil seie at 20 prosent av elevane hadde brukt cannabis ein eller annan gong i løpet av livet.

15 prosent oppgav at dei hadde brukt cannabis dei siste 12 månadene, og 6,2 prosent siste 30 dagar.

Overvurderer kor mange andre som har brukt cannabis

Undersøkinga er den første som i tillegg til cannabiserfaringar òg undersøkjer ungdoms kunnskap, haldningar og motiv knytt til cannabis.

– Vi fann at mange elevar manglar kunnskap om cannabis. Elevane overvurderte mellom anna kor mange andre unge som hadde brukt rusmiddelet. Ein del hadde òg feiloppfatningar om cannabisbruk, seier Anne Line Bretteville-Jensen, forskar ved Folkehelseinstituttet.

Nokre trudde bruk ville gje fengselsstraff eller at barnevernet kom til å ta over omsorga for dei, andre trudde at bruk berre ville resultere i helsehjelp eller ikkje gje nokre konsekvensar i det heile.

Vil ikkje bli teken av politiet

Bretteville-Jensenfortel at ønsket om å ikkje bli teken av politiet (48 prosent), omsynet til foreldre (44 prosent), faren for å bli avhengig (41 prosent) og dessutan prisen på cannabis (36 prosent), var dei hyppigast oppgitte grunnane for ikkje å bruke meir cannabis blant dei som allereie hadde cannabiserfaring.

Også kjønn og eigen cannabiserfaring spelte inn i vurderinga av risiko. Jenter vurderte risikoen for negative konnsekvensar høgare enn gutar.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen