MDG vil sjå på hasjsal på polet
Når byrådet i Bergen denne veka vurderer rusreforma, som avkriminaliserer rusbruk, kjem Miljøpartiet Dei Grøne med eit endå meir liberaliserande forslag.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Christine Ødegård er politikar frå MDG og tek ei doktorgrad hjå Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved UiB. Foto: Bergen MDG
– I altfor lang tid har norsk ruspolitikk vorte styrt av fordommar og moral. No treng vi ein kunnskapsbasert ruspolitikk. Rusreforma er eit viktig skritt, men vi har framleis ein veg å gå, seier Christine Ødegaard (MDG) til Bergens Tidende.
Regjeringas rusreformutval har komme fram til forslaget til endringar i ruspolitikken og lovene i Noreg, som mellom anna medfører at ein skal ikkje få straff for å bruke og ha ei viss mengde rusmiddel, men det er likevel ikkje lov å bruke rusmidla. MDG meiner altså reforma ikkje går langt nok.
Dei vil fremme ei rekke forslag i Bergen bystyre. Mellom anna ønsker partiet å greie ut moglegheita for legalisering av dei lettare stoffa med mindre skadepotensial.
– Det kan bety at vi vil greie ut alt frå prøveprosjekt med hasj på polet, til å bruke andre rusmiddel i helsetenesta. Nokre vil framleis vere strengt regulert, fordi skadeverknaden er så stor, seier Ødegaard.