Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre sommar gjekk artist Pål Moddi Knutsen pilegrim frå Oslo til Trondheim. På 37 dagar la han 64 mil bak seg, medane tankane og kreativiteten sprang løpsk i fråværet av internett, sosiale medium og e-postar som venta på svar.

Om artisten frå Senja støtte på eit opent kapell, så svinga han innom anten det var på Toten eller Dovre.

– Eg fekk mykje tid til å sitje framfor trøorgel og spele, fortel han på telefon til Framtida.no.

Men sjølv om han tek del i religiøse ritar, så er han ikkje sjølv truande:

– Eg vaks opp med religion veldig nært, og avviste heile greia som tenåring, fortel Moddi.

Nestekjærleik må ein finne i seg sjølv, ikkje Bibelen

Det var ikkje noko stort, dramatisk oppgjer for senjaværingen, men meir at han innsåg at religion ikkje var for han. Det verka som trua han såg rundt seg var på automatikk, meir enn noko anna:

– Eg har alltid hatt ein trong til å tenke sjølv, og eg merka godt at dei fleste innanfor kyrkja ikkje gjorde anna enn å resitere. Når presten las opp preika, så var det totalt utan innleving, og når bestefar las Fader Vår var det heilt på rams.

I vaksen alder spelar Moddi framleis i kyrkja i jula, han har vore sivilarbeider i kyrkja på Finnsnes og samarbeider ofte med menneske og organisasjonar som har den kristne bodskapen i botnen.

– Men det eg forbind med nestekjærleik er noko ein må finne i seg sjølv, ikkje i Bibelen. Det er ikkje noko ein prest kan lære deg, eller ei kyrkje kan ta seg av. Det er noko som oppstår i oss og mellom oss.

Det var også temaet Moddi heldt i, då han skreiv bestillingssalmen som fjorårets pilegrimsferd munna ut i Midt i blant oss. Fellesskapet er i sentrum, og alt det rommar med samhald og samhøyrsle.

I salmebøkene han bladde gjennom på pilegrimsferda vart han òg minna på den svenske Innan gryningen. Salme nummer 364, den sterkaste salmen Moddi veit om.

– Eg hadde veldig lyst til å synge han på norsk, men merka at orda på bokmål passa ganske dårleg i munnen min.

Vegen var kort frå tankane til fingrane.

Eit rush som på fotballbana

Dei siste seks månadane har Moddi sett om den svenske salmen til nynorsk. Nyleg fekk han òg tilbakemelding på sin ferske nynorskvariant frå salmeforfattaren sjølv.

Artisten fortel om nervane han hadde i kroppen då han nyleg såg at Ylva Eggehorn hadde sendt han melding. Ho står bak teksten til salmen Innan gryningen, som Benny Andersson frå ABBA har skrive melodien til.

Moddi hadde brukt mange nattetimar på å finspikke på preposisjonar og komma før han våga sende omsetjinga si Før morgon gryr til originalforfattaren, og no hadde ho svara: Godkjent.

– Som låtskrivar er det eit skikkeleg kick. Det er som å score eit mål på fotballbana, det adrenalinrushet når e-posten kjem. Det er ikkje ein sjølvfølgje at ein skal få godkjenning for slikt.

Forvrengt Kristi bodskap

Moddi fortel at det har teke lang tid å få meiningsinnhaldet i dei to salmetekstane så likt som mogeleg, utan å farge salmen for mykje med si eiga meining:

– Eg har så vanvittig respekt for originalverket. Det er ein salme om korleis vi menneske har forvrengt Kristi bodskap, fortel artisten.

Her kan du lese originalsalmen og den nye nynorsk-omsetjinga. Trykk på biletet for å gjere det større: 

Medan han gjekk pilegrimsferda i fjor sommar, las han heile Bibelen og sat att med ei liknande kjensle som den han les i salmen.

– Det som er aller mest spennande med Bibelen, er at han viser både kva det kristne bodskapen og kristendomen kunne vore, og tydeleg korleis vi har øydelagt for oss sjølv.

Let seg inspirere

At han sjølv ikkje er personleg truande, ser ikkje Moddi som noko hinder for å ta del i det som gjerne vert tolka som religiøse aktivitetar, som pilegrimsvandring og salmeskriving.

– For min del er det heilt naturleg å late meg inspirere. Eg fann masse inspirasjon i å lese Bibelen, sjølv om eg ikkje ser på meg sjølv som personleg kristen.

– Bibelen gjev seg ikkje ut for å vere guds ord. Han er sjølv eit klipp og lim-verk og det ligg jo ei slags oppfordring i han til å halde fram med å klippe og lime, seier Moddi. Foto: Jørgen Nordby

Pilegrimsferda er den mest produktive perioden han har hatt, fortel han. Aldri før har han skrive så mykje på så kort tid, samstundes som han har vore i harmoni med seg sjølv.

Samstundes er han motstandar av trangen mange har til å putte alt i boksar:

– Kan ikkje ein sang i salmeboka vere heilt sekulær, og kan ikkje ein heilt vanleg popsang handle om forholdet ein har til religion utan at det skal skvisast inn i den eine boksen eller den andre? spør han.

I mars sleppte han si nyaste plate, Bråtebrann. Når han legg ut på turné, kan det godt vere publikum får høyre både salmar og pilegrimssong:

– Eg har begynt å fundere på å lage eit album ut av det, avslører Moddi.


Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a)framtida.no!


Helene Lunder Eriksen jobbar i Paulus kyrkje på Grünerlokka, og studerer teologi på Universitetet i Oslo. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg