«Ingen born skal oppleve mobbing i Noreg»

Henrik E. Hatlevik
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Nesten seks prosent av elevane i den norske skulen svarte i sist elevundersøking at dei vert mobba, og meir enn 1 av 20 elevar vert mobba fleire gongar i månaden. Dette skaper mindre trivsel og påverkar elevans mestring, resultat og fullføring av utdanninga si.

Ikkje minst er mobbing skadelig for den psykiske helsa til elevane, og kan i verste fall påverke eleven som vert mobba resten av livet.

Alle born skal trivast i den norske skulen. Det å gi born ein trygg og god barndom og oppvekst er det viktigaste førebyggjande tiltaket me har.

Politikarane har eit stort ansvar for å leggje til rette for at skulane skal takle mobbesakar på ein best mogleg måte.

Dei skulane som har dei største problema med mobbing skal få ekstern bistand først, i tillegg til å få meir støtte og rettleiing enn andre. Med dette blir det ein meir målretta innsats for å styrke kompetansen til nøkkelpersonell for å stoppe mobbinga i skulen.

Nulltoleranse for mobbing

Høgre har nulltoleranse for mobbing. Difor innførte Høgre i regjering ein ny og streng mobbelov i 2017.

Mobbelova set eleven i sentrum, styrker rettane til borna og skal gi raskare hjelp til dei som treng det.

Mobbing er eit stort samfunnsproblem

Hovudtrekka i den nye loven er ei tydelig nulltoleranse mot mobbing, vald, trakassering, diskriminering og anna krenking. Loven sikrar ei fornya og betre klageordning, der fylkesmannen er klageinstans, men også skal drive oppfølging og kontroll av skuleeigarane. Dei skuleeigarane som ikkje følgjer opp vedtak om kva dei skal gjere for å sikre elevane, risikerer dagbøter.

Høgre har også innført mobbeombod i alle fylker, som skal ivareta borna våre sin rett til å ha det trygt og godt på skulen.

Mobbing er eit stort samfunnsproblem, og ingen born skal oppleve mobbing i Norge. Me kan ikkje ha eit anna mål enn det, og me må saman jobba hardt for å nå det.

Høgre garanterer nulltoleranse for mobbing i skulen, og vil fortsette å jobbe hardt for å slå ned på alle former for mobbing og trakassering i og utanfor skulegarden.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!  

Bård Johan Hausberg (19), Nora Erland (14) og Randi Rostvåg Leer-Salvesen (17) frå Grøn Ungdom i Agder meiner det er på tide politikarane innser kor mykje det hastar med klimahandling. Foto: Oda Sofie Pettersen