Ingen skjenkestopp, men danseforbod – dette er lettane og tiltaka

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I dag har vi endeleg komne dit at vi kan fjerne mange av smitteverntiltaka vi har levd med i vinter, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på pressekonferansen der han tysdag kveld varsla ei rekkje lettar.

Han viste til at omikron gir mindre alvorleg sjukdom og at vi har god vaksinedekning.

– Derfor kan vi i dag langt på veg opne opp. Vi kan opne opp sjølv om smitten stig raskt, seier Støre.

– Kort sagt går vi frå detaljerte reglar til meteren, munnbind og sunn fornuft, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Nettopp sunn fornuft var eit omgrep som vart brukt fleire gonger på pressekonferansen.

– Sunn fornuft er det beste tiltaket vi har, seier Støre.

Ny vurdering snart

Dette er første steg på vegen mot ei ny gjenopning. Medan Danmark fjerna alle tiltak i ein fei, har helsestyresmaktene her heime rådd regjeringa til å ta det gradvis.

Regjeringa varslar at dei siste tiltaka truleg kan avviklast 17. februar, då det vil bli gjort ei ny vurdering.

Dei omfattande lettane gjeld frå allereie tysdag kveld klokka 23. Regjeringa gjer fleire lettar enn det helsestyresmaktene tilrådde.

Dette er lettane:

  • Skjenkjestoppen som har vore frå klokka 23 den siste tida forsvinn heilt. Kravet om bordservering blir òg fjerna.
  • Smitteisolasjonen blir forkorta til fire dagar.
  • Påbodet om heimekontor blir fjerna. Arbeidsgivarar blir tilrådde å sjølv vurdere kor mykje heimekontor som er rett på kvar enkelt arbeidsplass.
  • Maksimaltala blir fjerna for både offentlege og private samankomstar.
  • Det blir ikkje avstandskrav når ein sit i setet sitt på arrangement med faste tilviste plassar, som kino, teater eller liknande.
  • Det blir ikkje lenger gult nivå i skular og barnehagar.
  • Organiserte idretts- og fritidsaktivitetar kan gå føre seg som normalt både innandørs og utandørs for alle.
  • Underhaldningsparkar, leikeland, spelehallar og liknande kan opnast igjen.
  • Kravet om å teste seg på grensa forsvinn.
  • Smittekarantene blir avvikla for alle, men husstandsmedlemmer og tilsvarande nærkontaktar blir tilrådd å teste seg.
  • Barn i grunnskulealder eller yngre blir berre tilrådd test ved symptom, òg viss det er smitte i heimen.

Desse tiltaka blir vidareførte:

  • Einmetersregelen gjeld framleis i fleire samanhengar. Det blir gjort lettar for universitet og kulturarrangement med faste sitjeplassar.
  • Det betyr at det er danseforbod på utestadene.
  • Det er framleis påbod om å bruke munnbind når det ikkje er mogleg å halde meteren.
  • Det er framleis krav om at bedrifter skal sikre ein smittevernmessig forsvarleg drift.

Danseforbod og sunn fornuft

Sjølv om utestadene får opne opp for skjenking langt ut i nattetimane igjen, gjeld det altså eit danseforbod. Meteren gjeld nemleg der og elles.

Meteren vart brukt som eit døme på sunn fornuft av statsministeren. Sunn fornuft må ein bruke både i private og offentlege lag, seier Støre.

– Du skal tenkje på avstand. Det kjem ikkje folk heim til deg med eit metermål og måler. Er du ute, må dei som har arrangement leggje til rette for at det er mogleg, seier Støre på spørsmål frå NTB.

Smittetopp i februar

Det er i stor grad frykt for at sjukefråværet skal bli for høgt, som gjer at nokre tiltak framleis skal gjelde.

Helsestyresmaktene ventar framleis ein smittetopp i februar der det kan bli over hundre daglege innlagde, kom det fram i det faglege rådet til regjeringa.

Dei argumenterer likevel for at det er umogleg å bremse omikronbølgja utan svært strenge tiltak, og at det er fleire forhold som taler for å innføre lettar i staden.

– Verre med smitte

Helsestyresmaktene viser til at risikoen for alvorleg sjukdom og død er betydeleg lågare med omikron og høg vaksinedekning. Samtidig viser dei til at tiltaka innskrenkar fridommen til folk.

Tiltaka er på nokre måtar og for nokre grupper sannsynlegvis verre enn smitte ville ha vore, skriv fagstyresmaktene. Dette gjentok òg Kjerkol på pressekonferansen.

Det blir òg igjen vist til at det for nokre kan vere betre å bli smitta no kort tid etter ein vaksinedose og med ein mildare variant, enn seinare.

Statsministeren varsla òg på pressekonferansen at det vil bli ei ekstern evaluering av pandemihandteringa til regjeringa.


Emilie Hansen vart koronasmitta i Lisboa, kor ho bur no, og måtte difor vere isolert. Heldigvis har ho balkong. Foto: Privat