Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 15.02.2022 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

? Mjølkevegen smakar bringebær og luktar rom

Medan astronomar utforska støvskya Sagittarius B2 i hjartet av Mjølkevegen så oppdaga dei at ho smakar svakt av bringebær og luktar rom! Det kom dei fram til fordi dei fann etylformiat.

Men det er ikkje som om heile verdsrommet luktar godt.

Australian Academy of Science peikar på komet 67p som døme på at det er mange lukter i verdsrommet som nok riv godt i nasen. Om du hadde fått ein dunst av kometen, hadde du lukta ei blanding av rotne egg, hestetiss, mandel, formaldehyd og marsipan.

Ein odør for dei vidarekomne, altså.

? Snubla over eldgammal hær

I mars 1974 skulle nokre kinesiske bønder grave ein brunn, men dei fann ikkje vatn, dei fann fragment av leirfigurar.

Bøndene hadde funne det første beviset på ei av dei største arkeologiske oppdagingane i moderne tid – nemleg ein hær av terrakotta-soldatar og hestar, som hadde lege skjult i over 2000 år.

Foto: Christels/Pixabay

Terrakotta-hæren vart laga for å verne grava til Quin Shi Huangdi, som var keisar i Kina i år 221 f.v.t. til 210 f.v.t. Det skal ha teke 700 000 arbeidarar over tre tiår å byggje gravkomplekset.

Meir enn 2000 soldatar er avdekte, men arkeologar reknar med at der er så mange som 8000. I tillegg er der leirhestar, bronsevogner og våpen. Soldatane skal ein gong ha vore målt i livlege fargar, og har ulike ansiktsuttrykk og kjenneteikn.

Foto: Christels/Pixabay

Til no har fire ulike groper vorte gravne ut. Den første og største inneheldt fotsoldatar, den andre hadde fleire fotsoldatar, men òg bogeskyttarar, vogner og ryttarar. Den tredje var med soldatar i høgare rang. Den fjerde gropa var tom, mogelegvis fordi keisaren døydde før dei var komne så langt.

Kanskje står det òg att fleire groper, som enno ikkje er oppdaga.

? Egyptarane barberte av seg augebryna for å minnast huskatten

Kattar hadde ei høg stjerne i gamle Egypt, og egyptarane meinte det gav hell å ha ein katt i hus. For å gjere stas på kattane, så fekk dei juvelar medan dei levde og vart mumifiserte når dei døydde.

Men visste du at eigarane barberte av seg augebryna i sorg, dersom katten døydde? Tida det tok for augebryna å vekse ut att var sørgjeperioden.

?? Australia tapte ein krig mot emuar

Det høyrest nesten for utruleg ut til å vere sant, men sant er det. I 1932 gjekk Australia til krig mot landets emuarog tapte.

Kvardagen var tung for australske bønder i 1930-åra. Børskrakk og Den store depresjonen gjorde at styresmaktene ikkje klarte betale ut subsidiar og prisen på kveite sokk.

Som om ikkje det var nok, 20 000 emuar slo seg ned i avlingane og forsynte seg godt, samstundes som dei øydela gjerde som heldt villkaninar ute.

Styresmaktene vart tvinga til å ta grep, og forsvarsminister George Pearce sende soldatar væpna med maskingevær for å få ein slutt på emu-utfordringane. Men så enkelt vart det ikkje.

Dei australske soldatane drap nokre emuar, men på langt nær så mange som dei hadde håpa. Foto: Ukjend fotograf/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom

Regn, maskingevær som låste seg og tilnærma geriljataktikk frå emuane gjorde at soldatane ikkje fekk has på fuglane. Emuar kan ikkje fly, men dei er ikkje treige av den grunn – emuar kan springe i 50 km/t og kvar gong soldatane nærma seg skothald, så braut dei opp i mindre flokkar og sprang for harde livet.

Etter seks dagar trekte forsvarsminister Pearce styrkane tilbake, og trass i eit nytt forsøk nokre dagar seinare, så var nederlag i emu-krigen eit faktum.

? Volvo gav vekk setebelte-patentet for å redde liv

I 1959 fann den svenske Volvo-ingeniøren Nils Bohlin opp dagens setebeltet, som er festa i tre punkt. Tidlegare brukt bilistar berre magebelte, om bilane hadde setebelte i det heile.

I Sverige, Volvoens heimland, auka bruken av setebelte drastisk etter Volvo introduserte det nye setebeltet – frå berre 25 prosent i 1965 til over 90 prosent i 1975.

Dette tente vel Volvo gode pengar på, tenkjer du kanskje? Nei. Volvo patenterte designen, men gjorde Bohlin-oppfinninga tilgjengeleg for alle med ein gong – gratis.

Bilprodusenten sa frå seg hundrevis av millionar i lisensinntekter, for å redde millionar av liv.

⚰️ Stilte pave-lik for retten

Pave Stefan var ikkje særleg begeistra for forgjengaren sin, pave Formosus, og sjølv ikkje det at Formosus var død var nok til å gravleggje striden dei mellom.

I 897 stilte pave Stefan difor pave Formosus for retten.

Måleriet Pope Formosus and Stephen VI – The Cadaver Synod av Jean-Paul Laurens. Foto: Offentleg eigedom, via Wikimedia Commons

Han henta fram det balsamerte liket, kledde det i kyrkjelege klede og heldt rettssak. Han utnemnde til og med ein diakon til å prate på den døydde paven sine vegner.

Ikkje uventa vart Formosus funnen skuldig, og dei skar av han tre fingrar før dei kasta kroppen hans i elva.

? Kjedelege vennskapsbyar

Freistar det å bu i Boring, Dull eller Bland Shire?

Dei tre stadane er i høvesvis Oregon I USA, Skottland og Australia og er vennskapsbyar! Den kjedelege klubben kallar seg League of Extraordinary Communities, og har omfamna namna sine heilhjarta.

Som det står på skiltet i den australske kommunen: “Bland… far from Dull and Boring».

✍️ Den mislukka sjølvbehandlinga av skrivesperre

I 1974 publiserte det fagfellevurderte akademiske tidsskriftet Journal of Applied Behaviour Analysis artikkelen The Unsuccessful Self-Treatment of a Case of «Writer’s Block» skriven av psykolog Dennis Upper.

Det morosame? Han hadde ikkje skrive eit ord i sjølve artikkelen.

Ein av dei som vurderte artikkelen skreiv:

«Eg har studert dette manuskriptet veldig nøye med sitronjus og røntgen, og har ikkje oppdaga ein einaste feil, verken i design eller skrivestil. Eg føreslår at det vert publisert utan endringar.» Og det vart det.

Heile artikkelen ligg framleis ute hjå tidsskriftet!

❤️ Tinder-match på Antarktis

I desember 2014 klarte Tinder det mange skulle tru var umogeleg: Å matche folk på Antarktis!

Ein amerikansk forskar som heldt til på McMurdo-stasjonen i Antarktis, logga på Tinder berre for gøy.

Foto frå McMurdo-stasjonen: Eli Duke/Flickr/CC BY-SA 2.0

Første resultat: Ingen i nærleiken. Ikkje noko stor bombe det. Antarktis husar jo stort sett berre forskarar, og dei er ikkje så mange. Dei har i tillegg lite internettilgang.

Så utvida han radiusen, og då ding-ding-ding: Det dukka det opp ein annan forskar i nærleiken! (Når ein er på Antarktis så er «i nærleiken» 45 minutt i helikopter.

Han swipa høgre, og ho swipa høgre – match.

Dei to rakk å møtest, men uheldigvis skulle ho reise frå Antarktisk dagen etter, så den episke kjærleikssoga slutta før ho fekk skikkeleg starta.


Les også om McMurdo-stasjonen: Stasjonen har eigen minibank, og det blir til og med dyrka frukt og grønsaker i eit drivhus her.

Bilete av McMurdo-stasjonen, teken frå Observation Hill. Foto: Gaelen Marsden/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0