No kan fleire teste seg ut av koronakarantene

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa kunngjorde tidlegare denne veka sentrale endringar i tiltaksregimet i Noreg, og frå i dag (onsdag) blir smittekarantenen på ti døgn erstatta med dagleg testing for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære av den koronasmitta.

Endringane skjer etter at smittetala har skote i vêret den siste veka, med stadig nye rekordar. Smitteauken førte til at svært mange vart sitjande i karantene.

– Det hastar å gå over til eit testregime som erstatning for karantene, sa helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) då dei nye karantenereglane vart lagt fram i ei pressemelding måndag kveld.

Krav om innreisekarantene blir oppheva

I tillegg blir no òg kravet om innreisekarantene når ein kjemt til Noreg oppheva for personar utan gyldig koronasertifikat. Regjeringa meiner kravet ikkje lenger er smittevernfagleg nødvendig.

Fram til no har personar som har komme til Noreg frå eit område med karanteneplikt, og som ikkje har kunna dokumentere at dei er fullvaksinerte eller har gjennomgått covid-19, måtta gå i innreisekarantene.

Men reisande utan koronasertifikat har berre utgjort rundt 7 prosent av registrerte reisande. Folkehelseinstituttet (FHI) har derfor meint at innreisekarantene har lite å seie for utviklinga av epidemien og for sjukehuskapasiteten.

Dei nye karantenereglane tredde i kraft ved midnatt natt til onsdag.

Rom for å lette på tiltak

Framleis er det ei rekkje strenge koronatiltak som gjeld i Noreg, mellom anna pålegg om heimekontor, skjenkjestopp klokka 23 og krav om bordservering på restaurantar og serveringsstader, publikumsavgrensingar på arrangement og munnbindpåbod i gitte situasjonar.

Fleire har teke til orde for at dagens situasjon gir rom for å lette på nokre fleire tiltak.

Blant dei er fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet.

– No ser vi kanskje at tiltaka gir større belastning enn sjukdommen i seg sjølv. Derfor skriv vi og vurderer dette fortløpande til regjeringa for å justere ting, sa han til VG tysdag.

Fleire land opnar opp

Fleire land har den siste veka letta på koronatiltak, blant dei Storbritannia. Også i Danmark går det mot at tiltaka skal avviklast 31. januar.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vil ikkje love at noko liknande skjer her til lands med det første. Det vil komme nyheiter om dette seinast tysdag neste veke, varslar Støre.

– Då vi gjorde reelle lettar 14. januar, varsla vi at vi ville la det gå to veker og ha ein full gjennomgang med opning for lette undervegs, sa Støre til VG tysdag.

Helseminister Ingvild Kjerkol sa òg til TV 2 at det er naturleg å sjå på lette. Denne veka gjer regjeringa ei grundig vurdering av dei nasjonale tiltaka for å vurdere vegen vidare.

– No toler vi meir smitte, og då er det naturleg å sjå på lettar, og det gjer vi, sa ho.

Dette er dei nye reglane

Dette er dei nye karantenereglane for koronaviruset som tredde i kraft frå midnatt natt til 26. januar:

  • Smittekarantene på 10 døgn kan erstattast med:
  • Dagleg testing i 5 døgn etter siste nærkontakt for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
  • Husstandsmedlemmer og tilsvarande nære som ikkje kan halde avstand til den smitta i isolasjonsperioden, kan erstatte smittekarantene med dagleg testing i 11 døgn (6 døgn i isolasjonsperiode + 5 døgn etter dette). Dette gjeld òg barn.

I tillegg til testregime blir det tilrådd å bruke munnbind innandørs på offentleg stad og å unngå store samankomstar og arrangement i 10 døgn etter nærkontakten.

Tilrådinga om å bruke munnbind gjeld ikkje barn under 12 år, skulebarn over 12 år når dei er på skulen og dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

  • Følg med på eventuelle symptom under heile perioden.
  • Ved symptom skal ein halde seg heime og teste seg.
  • Dei nye reglane vil frå dei trer i kraft òg gjelde for dei som er i karantene på det aktuelle tidspunktet. Det betyr at testregime òg gjeld for dei.
  • Personar som ikkje følgjer testregimet må vere i karantene i 10 døgn, med eventuelt testing ut av karantene ved negativ test teke tidlegast 7 døgn etter siste nærkontakt.
  • Personar som har gjennomgått covid-19 siste tre månader er halde unna smittekarantene. I tillegg vidarefører ein dei særskilde unntaka som gjeld for mellom anna personell i kritiske samfunnsfunksjonar.

Les også: Slik er dei nye reglane for koronatesting

Trippelvaksinerte slepp å ta bekreftande PCR-test viss dei testar positivt på hurtigtest. Foto: Jil Yngland / NTB / NPK