Slik er dei nye reglane for koronatesting

Trippelvaksinerte med positiv sjølvtest slepp å ta PCR-test etter at regjeringa førre veke gjekk inn for å endre reglane. Men mange bør framleis teste seg.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag sende Helsedirektoratet eit brev til alle kommunane i landet der dei informerte om dei nye reglane for koronatesting.

Det kjem etter at helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) fredag kveld offentleggjorde regelendringane.

Positiv sjølvtest

Dei nye reglane inneber at personar som har fått oppfriskingsdose av koronavaksinane og testar positivt på sjølvtest, ikkje lenger treng å ta ein bekreftande PCR-test.

Desse blir i staden oppmoda til å registrere resultatet på nettsidene til kommunane.

– Ein person med ein positiv sjølvtest blir rekna som eit sikkert positivt tilfelle, skriv Helsedirektoratet i brevet til kommunane.

Heller ikkje personar som har fått to vaksinedosar, og som tidlegare dei siste tre månadene har vore koronasmitta, treng å ta PCR-test ved positiv hurtigtest.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Framtida.no (@framtida.no)

Desse bør få PCR

Andre grupper bør likevel framleis få moglegheita til å teste seg, skriv Helsedirektoratet på nettsidene sine:

* Personar som ikkje har fått oppfriskingsdose, kan framleis ta ein bekreftande test på kommunal teststasjon viss dei har behov for det til koronasertifikat eller av omsyn til vidare vaksinasjon.

* Alle barn mellom 0 og 16 år som testar positivt på sjølvtest, bør få tilbod om bekreftande test.

* Personar som søkjer helsehjelp på grunn av covid-symptom, bør få tilbod om ei bekreftande prøve med PCR-analyse viss det har betydning for diagnostikk og behandling.