Vil setje inn mikrochip i hjernen til menneske i 2022

Neuralink-gründer Elon Musk håpar å teste mikrochip-teknologien i menneske allereie neste år.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tesla-gründer Elon Musk utforskar ikkje berre verdsrommet, han utforskar òg kor vidt ei lita brikke i hovudet kan gje pasientar noko av kontrollen over eigen kropp tilbake.

Og han håpar å prøve ut teknologien allereie i 2022:

– Vi håpar å ha denne [Neuralink-chipen] i våre første menneske – som vil vere folk som har alvorlege ryggmargsskadar som tetraplegi eller kvadriplegi – neste år, om vi får FDA-godkjenning.

Det sa Musk i eit direktestrøyma intervju med The Wall Street Journal under deira CEO Council Summit førre veke.

Det var Business Insider som først omtalte saka.

Håpar å kurere Alzheimers

Neuralink, som Musk var med å stifte i 2016, utviklar ein chip som kan verte sett inn i menneskehjernen for å både overvake og stimulere hjerneaktivitet. Den vesle brikka er på storleik med ein mynt og har mange små ledningar som er tynnare enn hårstrå.

Over tusen elektrodar er festa på desse små ledningane, og dei har i oppgåve å registrere hjerneaktiviteten og potensielt stimulere hjernen. Dataen som vert samla inn av brikka skal verte sendt trådlaust til ei datamaskin.

Håpet er at mikrochipen kan verte brukt medisinsk, som ved å behandle alvorlege ryggmargsskadar og nevrologiske lidingar som Alzheimers, Parkinsons sjukdom og demens.

I tillegg arbeider Neuralink med å utvikle ein robot som kan operere inn mikrochipen, melder Business Insider.

Forsiktig optimist

Til no har den vesle brikka vorte testa på grisen Gertrude og på apekattar, men i løpet av 2022 håpar Musk at Neuralink får grønt lys til å prøve ho ut på menneske.

– Neuralink verkar godt i apekattar, og vi utfører mange testar og stadfestar at ho er veldig trygg og påliteleg, og at Neuralink-eininga kan verte fjerna trygt, sa Musk i intervjuet.

Sjå videoen som skal syne ein av forsøksapane spele ved hjelp av mikrochipen: 

Samstundes peikar Musk på at standardane deira for å setje inn chipen er høgare enn dei som krevst for å få godkjenning frå oversynsorganet Food and Drug Administration (FDA).

– Eg er forsiktig optimistisk, men eg trur vi har sjansen med Neuralink til å gjenopprette full kroppsfunksjon til nokon med ryggmargsskade, sa Musk og heldt fram:

– Eg vil ikkje vekke falske forhåpningar, men eg er stadig meir sikker på at dette kan gjerast.

Hjelper pasientar handle på nett

Neuralink er ikkje åleine om å utforske mikrochip-mogelegheitene.

I juli i år vart det australske selskapet Synchron det første i verda til å få FDA-godkjenning til å utføre kliniske studiar med ein hjernechip (såkalla brain computer interfaces) i menneske i USA.

Synchron fører elektrodane til hjernen ved hjelp av blodårer, noko som kan minne om korleis ein set inn stentar i hjartet dersom ein har fått hjarteinfarkt. Elektrodane måler hjerneaktiviteten og matar dataen trådlaust til ei datamaskin, som tolkar og set i verk informasjonen.

Selskapet har allereie utført utprøvande behandling på menneske hjå Royal Melbourne Hospital i Australia, og kunne då vise til å ha hjelpt pasientar som har lammingar i overkroppen til å sende meldingar og e-post, og handle på nett.


Nikolai Helth Gaukås syner fram ei prøve på 1×1 cm. Foto: Julie Gloppe Solem/NTNU.