Egget med ein babydinosaur inni, er nemleg nesten heilt perfekt bevart.
mm

Forskarar har funne eit nesten perfekt bevart dinosaurembryo, som for minst 66 millionar år sidan straks var klar til å klekkast ut av egget sitt – akkurat slik som ein kylling ville gjort i dag. Det melder britiske The Guardian.

– Dette er eit av dei best bevarte dinosaur-embryoa som er funne nokon gong, sa Fion Waisum Ma til nyhendebyrået AFP

Ho er PHD-forskar ved Universitetet i Birmingham, og er medforfattar i ein artikken i tidsskriftet iScience.

Sjå video av «Baby Yingliang» her: 

– Eit av dei vakraste fossila eg har sett

Også forskarkollegaane Darla Zelenitsky og Steve Brusatte er svært oppglødde over funnet dei har gjort.

– Eg har jobba med dinosauregg i 25 år – men aldri har eg sett noko liknande, seier Zelenitsky til amerikanske CNN.

– Dette dinosaurembryoet er eit av dei vakraste fossila eg har sett. Denne vesle dinosauren ser akkurat ut som ein fugleunge som er krølla saman i egget sitt, noko som er nok eit bevis på at mange eigenskapar som er typiske for dagens fuglar, først vart utvikla hjå forfedrene deira – dinosaurane.

Det seier professor Brusatte i ei pressemelding frå Universitetet i Birmingham.

«Baby Yingliang»

Forskarane har gitt den vesle dinosauren namnet «Baby Yingliang».

Foto: Jaime A. Headden / Wikimedia Commons, CC BY 3.0-lisens

Egget vart oppdaga i ein by som heiter Ganzhou som ligg i Sør-Kina og dinosauren som låg inni var av arten tannlaus theropod-dinosaur, eller oviraptosaurus.

ABC Nyheter skriv at baby-dinosaurar veldig sjeldan er godt bevarte som fossilar, då skjelettet deira som regel er veldig lite og slik sett lett kan gå i stykker.

17 gløymde centimeter

Dinosauregget skal vera om lag 17 centimeter langt, og lengden på dinosauren skal vera om lag 27 centimeter frå haletippen til toppen av hovudet. Hadde egget klekt, og dinosauen overlevd, trur forskarane at den ville blitt ein stad mellom to og tre meter lang.

Egget skal ha blitt oppdaga allereie i år 2000. Deretter vart det lagt på eit lager og gløymt.

No skal forskarane bruka tid på å studera dinosauren nøye, ved hjelp av moderne og avanserte scanningsteknikkar.


Harrison Duran (23) var med på å finne den 65 millionar år gamle triceratopsskallen Alice. Foto: Fossil Excavators
Oppdatert: torsdag 23. desember 2021 16.06

LES OGSÅ

ANNONSE