Rakel (17): «No er vi leie, ver så grei, vaksiner deg!»

Rakel Oline Moi (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. 

No er vi leie, ver så grei, vaksiner deg!

Sjukepleiarane er utslitne.

Mine vennar, din familie og våre bekjente er sjuke.

Naboen min, som er sjukepleiar, jobbar hardare enn nokon gong for å redde mine vennar og din familie.

I tillegg er det mange som slit psykisk fordi samfunnet vert stengt ned gong på gong. Trass i at dette har pågått i lang tid er det fleire som ikkje skjønar alvoret i smittesituasjonen vi står i.

Uvaksinert (50)

Vi må vaksinere oss. Det betyr ikkje at ein ikkje vert sjuke av koronaviruset, men det skånar eigen kropp for å ikkje verte altfor sjuk.

Vaksinen bremsar viruset sin effekt på kroppen. Du vil få mindre alvorlege konsekvensar dersom du er vaksinert.

I dei fleste sjukehusinnleggingane i Noreg no, er personen uvaksinert og rundt 50 år.

Det er lov å vere skeptisk til vaksinen, men det er ikkje berekraftig.

Vaksineskeptikarar har gjerne fleire grunnar dei meiner er legitime for å skåne seg for vaksinen, men dette er menneske som gløymer at der deira fridom begynner, der stoppar min.

Å ta vaksinen handlar like mykje om å skåne seg sjølv, som å skåne andre i risikogruppa.

Det er dei unge mellom 16 og 17 år som skårar lågast på vaksineringa. Dei fleste mellom 16 og 17 er ikkje alvorleg sjuke, går ikkje på kraftige medisinar og vert mest truleg ikkje veldig dårlege.

Ikkje alle under 16 har fått tilbod om vaksinasjon enno, men eg trur dei vil gjere det same som oss – fordi vi går vegen framfor dei.

Den viktigaste og finaste julegåva

FHI sine sider står det at i veke 49 vart 24 av 100.000 uvaksinerte med Covid-19 lagt inn på sjukehus. Det er ikkje mange. Men om du ser forskjell på uvaksinerte og vaksinerte vert det plutseleg litt annleis.

Berre 2,5 av 100.000 vaksinerte vart innlagde. Medianen på vaksinerte var alderen 72 år, medan på uvaksinerte var medianen 53.

Berre desse faktaa her burde vel vere god nok grunn til å vaksinere seg?

Å ta vaksinen er frivillig, og det er gratis. Å ta vaksinen er den viktigaste og finaste julegåva du kan gje i år.

Det er berre på denne måten vi kan bevege oss mot ein meir normal kvardag i 2022.


Har du noko på hjartet? Send tips eller innlegg til tips(a)framtida.no.


Illustrasjon: Oda By