Regjeringa vil tilby tredje vaksinedose til alle over 18 år

Alle over 18 skal få tilbod om ein tredje vaksinedose, ein såkalla oppfriskingsdose, opplyser regjeringa.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vaksinasjon er det viktigaste vernet vi har mot korona. Smitten vil vere blant oss i fleire år framover, og det er mykje vi saman kan gjere for å hindre at viruset spreier seg, men vi treng òg det vernet vaksinane gir, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i ei pressemelding og held fram:

– Regjeringa lyttar til FHIs vurdering og planlegg for at heile den vaksne befolkninga får tilbod om ein oppfriskingsdose.

Folkehelseinstituttet (FHI) har planane klare for å gi ein tredje vaksinedose til alle mellom 18 og 64 år.

Kommunane er allereie godt i gang med å tilby alle over 65 år ein tredje vaksinedose mot covid-19, og no står helsepersonell for tur.

Regjeringa planlegg no òg for at alle mellom 18 og 64 år får tilbod om oppfriskingsdose neste år, når det har gått minst 6 månader etter andre vaksinedose.

Kan bidra til betre vern

Regjeringa presiserer at vaksinane ikkje vernar 100 prosent mot sjukdom og har noko dårlegare effekt hos eldre.

– Oppfriskingsdose for vaksne kan bidra til betre vern mot sjukdom, og til at færre smittar vidare. Men vi treng meir kunnskap om dette. Derfor har vi bede FHI om å gjere løpande vurderingar av nytte og risiko ved oppfriskingsdose for vaksne, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol under pressekonferansen om koronasituasjonen i Noreg fredag. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Kommunane blir bedne om å prioritere å gi første og andre vaksinedose til dei som enno ikkje har fått det, og dessutan oppfriskingsdose til dei over 65 år, dei med svakt immunforsvar og til helsepersonell, før personar mellom 18 og 64 år blir tilbodne oppfriskingsdose.


Illustrasjonsfoto: Colourbox