Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desember er her, og det er offisielt innanfor å gå laus på julekategorien til Netflix. Eller enda betre/verre – Hallmark.

Dei siste åra har strøymetenestene spydd ut julefilmar, av ymse kvalitet. Det finst både ein Juleprinsen 1, 2 og 3 på Netflix, og strøymegiganten har til og med klart å lage heile tre julefilmar om Prinsessen og dobbeltgjengeren. (Kor mange dobbeltgjengarar kan ein eigentleg ha?)

Amerikanske Hallmark er stortilbydar av julefilmar. Berre i år lanserer dei 41 nye og blant dei finn vi slåande titlar som You, Me & The Christmas Trees, The Nine Kittens of Christmas og A Very Merry Bridesmaid. Slike julefilmar fyller òg opp sendeskjemaet på lineær TV i juletida.

Glorete og masse, masse snø

Kor vidt ein film er god eller dårleg kan vere ganske subjektivt, med mindre vi spør ein ekspert. Så då er det berre ein ting å gjere – spørje ein ekspert!

– Den tradisjonelle julefilmen blir kanskje ofte sett litt ned på, fordi ein opplever at han følger ein formel eller oppskrift, skriv Birger Vestmo i Filmpolitiet på e-post til Framtida.no.

Filmeksperten i P3 understrekar at det finst julefilmar i alle former, fargar og kvalitetar, akkurat som i alle andre sjangrar.

Vestmo forklarar at ein typisk julefilm må ha den rette julestemninga og gjerne vere litt meir overdriven glorete enn vi tør pynte sjølv.

Filmen «En ridder til jul» (The Knight Before Christmas) på Netflix oppfyller greit kravet om å vere overdrivent glorete. Foto: Netflix / Brooke Palmer

– Han må gjerne røre noko ved oss, jula er jo ei emosjonelt lada høgtid, og sakn, kjærleik og tilhøyrsle må nesten vere blant temaa. Ein julefilm kan også med fordel vekke nostalgiske minne, ha masse julemusikk på lydsporet og han må vere full av snø, snø og atter snø!

Men kva med kvaliteten på julefilmane?

– Det er ei kjensgjerning at dei fleste julefilmane ligg rundt midten av kvalitetsskalaen, slår Vestmo fast.

Kvantitet over kvalitet?

Ein god del av julefilmane som dukkar opp hjå strøymetenestene kan ein få inntrykk av at blir produserte på samleband, og mange av dei følgjer ei veldig standard oppskrift, noko fleire på Twitter gjer eit poeng av.

I tillegg ber mange av filmane preg av å vere lågbudsjettproduksjonar spelte inn i eitt studio.

Likevel blir julefilmane sett som berre det! Netflix er ikkje dei rausaste med å dele strøymetala sine, men fleire av filmane på deira topp ti mest sette er julefilmar. I 2019 var den norske serien Hjem til jul den mest sette i Noreg, og nett no ligg Et slott til jul som topp fem på Netflix i Noreg – ein film som, basert på skildringa og utsjånad i traileren – typisk fell inn under kategorien «midten av kvalitetsskalaen».

«En populær forfatter reiser til Skottland for å slippe unna en skandale. Der forelsker hun seg i et slott – og kommer i krangel med den gretne hertugen som eier det.»

Skal vi tore å spå at det oppstår søt musikk mellom dei to?

Årets populære Netflix-julefilm «Et slott til jul» med Brooke Shields i hovudrolla. Filmen har fått 5,6 på IMDb, og som ein av meldarane der skriv «can be watched if there is nothing else interesting to stream.» Foto: Cr. Mark Mainz/Netflix

Eit anna «bevis» på at julefilmane går godt, er Netflix slitt lille sleivspark til fansen av Juleprinsen:

Hallmark er litt rausare med å dele sjåartala sine. I 2019 fortalde konserndirektør Michelle Vicary i Crown Media til Buzzfeed at 85 millionar såg ein Hallmark-julefilm året før.

Kan vere fantastiske

Trass i at mange julefilmar er langt frå å vere gull, uansett kor mykje glitter produksjonen pøsar på med, meiner Filmpolitiet-Birger at alt ligg til rette for å gjere fantastiske ting innanfor rammeverket til julefilmen.

– Til dømes stop motion-animerte Et førjulsmareritt, den mørke komedien Bad Santa eller svart-kvitt-klassikaren Livet er vidunderlig, trekker Vestmo fram som døme på filmar som får det til.

– Finst det gode julefilmar? Altså julefilmar som frå eit filmfagleg perspektiv faktisk er gode?

– Absolutt! Die Hard frå 1988 er ikkje berre ein julefilm, men også ein fantastisk actionfilm som sette ein ny standard for sjangeren. Ron Howard sin Polarekspressen blei fortald med banebrytande CGI-animasjon med såkalla «motion capture»-teknologi og Tom Hanks i seks forskjellige roller, svarar Birger Vestmo, og held fram:

– Den før nemnde Et førjulsmareritt er ein av dei mest originale julefilmane, både visuelt, musikalsk og forteljarteknisk. Eg vil også trekke fram Bob Clark si sjarmerande nostalgibombe A Christmas Story, som er høgt elska i USA, men nesten ukjent her i Noreg.

– Kvifor trur du at desse filmane er så populære? 

– Desember er ein travel månad for mange, og julefilmar hjelper oss til å kople av. Vi likar å bli sett i den rette stemninga og bli påminte julehygga vi har framføre oss. For mange følest det godt og forlokkande å bli tatt med tilbake til barndommens julefeiring, som står sentralt i mange populære julefilmar.

– Er det noko vi nordmenn elskar, så er det å hygge oss, og julefilmar er jo nærmast spesiallaga for akkurat dette formålet.

Tryggleik, stabilitet og hjernejuletre

Fleire ekspertar forklarar at grunnen til at desse oppkriftsmessige julefilmane appelerer sånn til oss, handlar om at dei tilbyr ein slags tryggleik og i tillegg har ein lukkeleg slutt.

– Den menneskelege hjernen elskar tryggleik og forutsigbarheit, spesielt når vi er stressa, seier par-og familieterapeut Kati Morton til Huffpost.

Hjernen vår likar altså at filmane følgjer denne formelen, sjølv om det gjer dei uorginale og «dårlege».

Ho trur òg mange ser desse filmane fordi dei presenterer ei veldig enkel løysing på komplekse utfordringar, som å finne ein partnar, løyse konfliktar i forholdet, traume frå barndomen, sorg og familie.

– Og alt er løyst i løpet av halvannan time! Vi kan bli trekte mot dei enkle løysingane fordi dagleglivet kan verke fullare av spørsmål enn svar, forklarar ho.

– Den menneskelege hjernen elskar tryggleik og forutsigbarheit, spesielt når vi er stressa.

Nettavisa forklarar vidare at forsking viser at feel-good-filmar påverkar hormonnivåa våre, og spesielt romantiske komediar kan sjå ut til å aktivere empatisenteret i hjernen for å frigjere dopamin og oksytocin, også kjent som «velvære-hormonet».

Filmane er, som filmkritikar Vestmo har forklart, ofte fylte med nostalgi, som tek oss tilbake til barndomsminne. Men ikkje nok med det, ifølgje psykiater og førelesar ved Universitetet i Adelaide Dr. Darryl Watson, som Refinery29 har snakka med, skapar nostalgien ein spesiell reaksjon i hjernen vår.

– Desse typane film gjer hjernen vår lettare, forklarar han.

– Det er eit sett med juleminne som desse filmane rører ved, og så lyser hjernen din opp metaforisk som eit juletre.

Kult eller «guilty pleasure»?

Viss hjernen vår er så glad i slike filmar, er det ikkje rart at både Netflix-katalogen og andre strøymetenester blir fylde opp med stadig fleire av desse oppskriftsmessige julefilmane.

Og når det blir reklamert meir og meir for dei, kan ein spørje seg om julefilmar rett og slett har blitt meir anerkjent. At julefilmar à la Hallmark har gått frå å vere litt «guilty pleasure» til noko kult.

– Det kjem nok an på kven du spør, men det er ingen tvil om at julefilmtilbodet er mykje større enn nokon gong. Dette handlar om tilbod og etterspurnad, og det er ingen tvil om at marknaden vil ha meir av dette, forklarar Birger Vestmo.

Han utdjupar at det stadig kjem nye julefilmar på kino, og «alle» strøymetenestene stiller med sine eigne produksjonar. Netflix har brukt store ressursar på The Christmas Chronicles, Jingle Jangle og Gutten som ble julenissen dei siste åra, og no i år går Marvel-juleserien Hawkeye på Disney+.

– Då vil eg seie at vi er eit par steg bortanfor «guilty pleasure»-stadiet!

Med andre ord – det er berre å benke seg framføre skjermen og tilbringe advent med ein god – eller mindre god – julefilm.

Og heilt til sist kan du kose deg med dette klippet frå ein Hallmark-film som promoterer pinnekjøt i beste sendetid, som ein Twitter-brukar har vore så snill å dele med omverda:


Foto: Storm Films / Nordisk Film Distribusjon, Maipo Film / Nordisk Film Distribusjon, Nordisk Film Distribusjon, kollasj Framtida.no