Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg les mykje både på jobb og fritid. Ei bok i veka, kanskje?

Jan Grue fortel at han for tida les mykje høgt for den fem år gamle sonen sin.

Men forfattaren og språkvitaren kan òg avsløre at han skriv på ein heilt ny roman! Og det er ikkje kven som helst han ser for seg i hovudrolla i ei eventuell filmatisering av boka.

– Anten Stellan Skarsgård eller Tilda Swinton, skriv Grue på e-post til Framtida.no.

Tilda Swinton og Stellan Skarsgård. Foto: Gage Skidmore, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=95107354 // Elena Ringo http://www.elena-ringo.com, CC BY 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=85864510 // kollasj Framtida.no

Jan Grue har doktorgrad i språkvitskap og jobbar ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo. Grue har òg gjeve ut fleire kritikarroste novellesamlingar, roman, barnebøker og fagbøker.

Omslag: Gyldendal

I den sjølvbiografiske boka Jeg lever et liv som ligner deres, som kom i 2018, skriv Jan Grue om å leve i ein sårbar kropp. Han er fødd med ein muskelsjukdom og er rullestolbrukar. Han blei tildelt Kritikerprisen for boka, og blei nominert til Nordisk råds littearturpris.

Grue har utforska tematikken vidare i Hvis jeg faller. En beretning om usynlig arbeid, som kom ut tidlegare i år.

Bli med inn i bokhylla hans!

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Mange, sidan eg les mest på Kindle. No held eg på med The Dawn of Everything, ei stor bok om alle dei forskjellige formene som menneskelege samfunn har tatt, tidleg i historia. Ho er både til å tenke og bli sint av, sidan ho viser at så mykje av ulikskapen og undertrykkinga vi lever med i dag er, vel, ein historisk tilfeldigheit.

Jan Grue fortel at svara hans er prega av at han les mykje høgt for sonen sin.

Kva bøker les du helst?

– Gode romanar, så ofte eg får tid. På lesebrettet har eg På sporet av den tapte tid og prøver å vende tilbake til den, innimellom.

Kor les du?

– I senga, i lesestolen, ved skrivebordet, på t-bana, dei fleste stader utanom bak rattet.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Bøkene til JRR Tolkien hugsar eg best; foreldra mine las Hobbiten for meg.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Tidleg i tenåra var det nok Ringenes Herre – eg trur eg las ho elleve gonger til saman.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Ein verkeleg god historisk roman, som Hilary Mantel sin Wolf Hall. Eller Ulysses, då.

Kva meiner du gjer ei bok god?

– At du alltid vil lese neste setning.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Uendeleg mange; det er det som kjenneteikner fiksjon. «Aha – der var også ein bit av meg».

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Oscar Wilde, sjølv om eg er litt redd for at han ville vore meir slitsam i røynda enn på papiret.

Forfattarane James Joyce og Oscar Wilde. Foto James Joyce: Alex Ehrenzweig, 1915, Offentleg eigedom via Wikimedia // Foto Oscar Wilde: Offentleg eigedom, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=692360 // kollasj Framtida.no

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Umogleg spørsmål, men det ville nok kanskje vore James Joyce. Spennet i språket hans er nesten stort nok til å famne verda.


Kristin Grue

Fakta

Namn: Jan Grue
Alder: 40
Frå: Oslo
Utdanning: Doktorgrad i språkvitskap
Yrke: Professor