Professor meiner massetesting av elevar kan føre til auka smitte

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Planen til styresmaktene er at alle elevar og tilsette i skular og barnehagar i Noreg skal ta ein hurtigtest før første skule-/barnehagedag.

Men professor Elling Ulvestad, som er avdelingssjef ved mikrobiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus, er skeptisk til massetesting med hurtigtestar.

– Kvaliteten på hurtigtestane er så dårleg at vi ikkje kan stole på dei, seier han til Aftenposten.

Han meiner derfor at strategien ikkje vil hindre smitte, men derimot kan fremje smitte. Elevar som får falskt negativt svar på hurtigtesten, går på skulen og kan smitte andre.

– Har du symptom, kan du i ei viss grad stole på svaret. Men mange smitta er asymptomatiske og får ikkje utslag på heimetesten. Då gir han falsk tryggleik. Derfor er det all grunn til frå ein fagleg ståstad til å vere skeptisk til massetestinga med hurtigtestar før skulestart, har Ulvestad tidlegare sagt til Bergens Tidende.

Assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier at hurtigtestar blir brukt grunna avgrensa analysekapasitet for PCR- prøvar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Gode til å fange opp smittefase

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad seier i ein kommentar til Aftenposten at det i alle land er avgrensa analysekapasitet for PCR-prøver. Derfor blir det brukt hurtigtestar i stadig større omfang mange stader.

Hurtigtestane som blir brukte i Noreg, er svært gode til å fange opp personar som er i ein fase der dei kan smitte andre, ifølgje Nakstad.