Victoria (22): «Dessverre er ikkje jula like magisk for alle»

Victoria Elisabeth Andal (22)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

No har dei fleste pynta klart til jul, handla inn til julefrukost og alle middagane som skal halde ut i den magiske romjula.

Barna er spente, vaksne er stressa og ungdommane prøver å hjelpe til så godt dei kan.

Dessverre er ikkje jula like magisk for alle.

Einsemd og utanforskap

I UNICEF si landsdekkjande undersøking frå 2016 svarar heile 19 prosent av dei spurde at dei sjølve har opplevd einsemd og utanforskap i julehøgtida.

Resten av svara i undersøkinga er like nedslåande:

  • 400.000 nordmenn gruar seg til jul.
  • Ein av ti gruar seg til førjulstida og jula.
  • Ti prosent seier dei kjenner seg meir einsame i jula enn elles på året.
  • 11 prosent svarar at dei kjenner seg triste i jula.
  • 16 prosent svarar at jula forsterkar kjensla av dårleg økonomi.

Sjølv om undersøkinga var i 2016, er ho like relevant i dag.

Jul med korona og sosiale medium

Eg trur statistikken ville vore endå høgare om undersøkinga vart gjennomført i år, då Covid-19 har hatt stor påverknad på vår mentale helse, økonomi, forventningar og korleis ein feirar jula.

Når ein er barn, er jula ei magisk høgtid, med julekalender, gåver og pakkar. Men når ein vert eldre, legg ein meir merke til dei store forventningane ein har til jula. Vi ser eit stort økonomisk gåvepress, ein må ha den finaste kjolen, og ikkje minst dei flotte bileta som skal ut på sosiale medium.

Sosiale medium har påverka livsstilen vår ekstremt, då vi har ein trong til å ta bilete og dokumentere alt det fine som skjer. Dessverre er det få som faktisk viser begge sidene ved jula.

Dette bidreg til at forventningane om korleis ein sjølv skal opptre i sosiale medium og til andre, i juletida vert forsterka på eit nivå som er heilt urealistisk.

Når ein byrjar å stresse etter det perfekte for andre si skuld, vil ein ikkje finne det perfekte for seg sjølv. 

«Har du det bra?»

Kva brukar du å fortelje familie, vennar eller kollegaar når dei stiller deg spørsmålet «har du det bra»? Brukar du å seie at alt går fint, når du faktisk ikkje har det bra, eller seier du kva du faktisk føler?

Eg veit at mange er flinke til å stille kvarandre desse spørsmåla, men klarar ein å vere heilt oppriktig ærleg?

Det er naturleg at ein får eit «det går bra» i respons når ein stiller dette spørsmålet. Men vi som samfunn må verte flinkare til å vere ærlege når ting ikkje er bra.

For dei som er veldig einsame i jula kan denne ærlegdomen potensielt redde liv.

Vi må bry oss året rundt

Ari Behn sitt sjølvmord i juletida i 2019, og ikkje minst den historiske tala som Maud Angelica Behn heldt i gravferda, har nok ført til at det er endå fleire som faktisk er ærlege, og oppsøker hjelp via psykolog og naudtelefonar som er døgnopne.

Men no er det jul, forventningane er høge.

Eg vil gje eitt råd:

Det handlar ikkje om kva ein et mellom jul og nyttår, men kva ein et mellom nyttår og jul. Det er bra vi bryr oss ekstra om andre i jula, men tenk om vi kunne bry oss like mykje om andre året rundt.

Jula er ikkje ein fest for alle. Det er mange menneske der ute som slit. Eg er heilt sikker på at du omgåast med nokre av dei, men du veit ikkje at dei slit psykisk eller kjenner seg åleine.

Ikkje spør for lite, spør heller for mykje.


Har du noko på hjartet? Send tips eller eit innlegg til tips(a)framtida.no! 


Illustrasjonsfoto: Annie Spratt /Unsplash