Denne songen kan ha forhindra hundrevis av sjølvmord

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 23.12.2021 08:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hausten 2017 sleppte Logic songen 1-800-273-8255. Tittelen er nummeret til ein amerikansk hjelpetelefon mot sjølvmord.

Songen gjorde det godt på hitlistene og fekk mykje merksemd. Logic framførte mellom anna songen på Grammy- og VMA-utdelingane det følgande året.

10.000 fleire oppringingar

No har ei studie, publisert i The British Medical Journal, konkludert med at det vart ein auke på nesten 10.000 oppringingar, og ein merkbar reduksjon i talet på sjølvmord i USA.

Studien peiker på at songen og framføringane gav stor merksemd til hjelpelina og viste at hjelpa var tilgjengeleg og effektiv.

Over 200 færre sjølvmord

I løpet av ein periode på 34 dagar, då merksemda kring songen var størst, auka mengda oppringingar til hjelpetelefonen med 6,9 prosent.

I same periode skal det ha vore ein reduksjon i sjølvmord på 245.

Ifølge forskarane er positivt innhald i media viktig for å informere om og førebygge sjølvmord utan å gjere skade.

Eit dilemma er at fortellingar om håp og betring får mykje mindre mediedekning enn fortellingar om død ved sjølvmord, meiner dei.

Hadde Logic vore norsk, ville kanskje tittelen på sangen ha vore 116 123. Det er nemleg nummeret til Mental Helse sin døgnopne hjelpetelefon.

Treng du nokon å snakka med, har Rådet for psykisk helse elles lista opp fleire telefonar og chattar her.


Les også: Hugseliste til betre mental helse: Tips og triks frå fagfolk

Illustrasjonsfoto: Ivana Cajina/Unsplash