Her aukar talet på nynorskelevar mest

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Time sør for Stavanger som aukar mest – med 123 fleire nynorskelevar. Dei plasserer seg no på ein sjetteplass blant kommunane med flest nynorskelelevar.

Andreas Vollsund (H) er ordførar i Time kommune. Foto: Reid Ivar Bjorland Dahl, Time kommune

Det viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

– Me merkar ein trend der dei aller fleste vel nynorsk for ungane sine når dei startar i skulen, seier Time-ordførar Andreas Vollsund (H).

Han trur òg det er blitt meir nynorskmedvit i kommunen, med fleire bedrifter som marknadsfører seg på nynorsk – og ikkje minst mange som er stolte over jærdialekten, Erling Braut Haaland og set samanheng mellom jærsk og nynorsk.

– Me er ein nynorskkommune, og eg er glad i at det er ein folketalsauke og at me aukar talet på nynorskelevar, avsluttar han.

Framleis flest i Bjørnafjorden

I Rogaland er det òg ein auke i Karmøy på 76 nynorskelevar og 16 fleire i Vindafjord.

Det er framleis Bjørnafjorden kommune sør for Bergen som har flest nynorskelevar i Noreg. Dei aukar med 72 nynorskelevar til totalt 3163 elevar med nynorsk som opplæringsspråk.

Alver rett nord for Bergen går òg fram med 52 fleire nynorskelevar.

Her auka talet på nynorskelever mest
Kommune

2021-2022

2020-2021

Auke

Time 2457 2334 123
Karmøy 1415 1339 76
Bjørnafjorden 3163 3091 72
Alver 2897 2845 52
Austevoll 714 681 33
Sykkylven 859 829 30
Vestnes 694 670 24
Sula 1324 1305 19
Voss 1841 1824 17
Vindafjord 1128 1112 16

Færre elevar i skulen

I landet under eitt er det nedgang i talet på både elevar med bokmål og nynorsk. Grunnen er færre elevar i skulealder.

554.010 elevar har bokmål som opplæringsspråk, medan 73.493 elevar har nynorsk. 686 færre har nynorsk, og 515 færre har bokmål. Talet på elevar med samisk som opplæringsspråk aukar med fire til 878.

Sjølv om Rogaland har ein god oppgang i fleire kommunar, så er det likevel totalt ein nedgang. Det er mellom anna ein stor nedgang i Klepp på 131 færre nynorskelevar og 36 færre i Sandnes og 18 færre i Hå.

Størst nedgang har Møre og Romsdal. Ålesund minkar mest her med 98 nynorskelevar, medan Hustadvika mistar 49 nynorskelevar.

Fylke

2021-2022

2020-2021

Endring

Agder 1314 1365 −51
Innlandet 3226 3244 −18
Troms og Finnmark 1 2 −1
Vestfold og Telemark 1770 1824 −54
Vestland 36965 37151 −186
Viken 565 588 −23
Oslo 1 1 0
Rogaland 14242 14318 −76
Møre og Romsdal 15408 15677 −269
Trøndelag 0 6 −6
Nordland 1 3 −2