Nellie Renate Krokstad (27) er kjent for å vera ein av Noregs største YouTube-stjerner. No er ho ute med bok, der ho fortel opent om diagnosar, omsorgssvikt, angst, uro, og ein barndom med stadig oppfølging av barnevernet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sidan ho starta YouTube-kanalen sin i 2014 har Nellie vore open om utfordringane sine med eit ynskje om å hjelpe andre ungdomar. I bokdebuten er dette noko ho fortel om, der ho utdjupar og opnar seg om korleis den krevjande oppveksten har prega ho til å bli den ho er i dag.
Omsorgssvikt og YouTube-suksess
I boka blir det servert ei sterk overlevingsforteljing om ei lita jente som opplevde omsorgssvikt, klamra seg fast til håpa som dukka opp innimellom, og til slutt enda opp med ein enorm YouTube-suksess.
På vegen vart ho tidleg kjent med andre sine og sine eigne diagnosar, der særleg ADHD, depresjonar og angst har prega mykje av Nellie sitt liv.
Erfaringane gjer at forfattaren skildrar seg sjølv som eit løvetannbarn, eit omgrep som speler på løvetannen si evne til å sprengje seg gjennom asfalt, og på andre måtar overleve og blomstre trass tilsynelatande umoglege vekstvilkår.
Sjølv om ho speler på det noko oppbrukte uttrykket viser ho at det framleis er utfordringar i livet sjølv om ein lever godt med dei. Det gjer at klisjeen likevel fungerer.
Ærleg forbilde
Fortalt gjennom eit innhaldsrikt og personleg språk, gir biografien eit rørande innblikk i korleis Nellie har brukt kaoset inni seg og erfaringane sine til noko positivt. Det gjer ho til eit stort forbilde, og ein type forbilde ein treng fleire av.
Særleg når det gjeld å skape mindre stigma rundt diagnosar som ADHD, angst og depresjonar. Og ikkje minst involvering av barnevernet i oppveksten. Det er ingen tvil at me treng fleire slike forbilde som tør å snakke så opent og ærleg om livet som Nellie gjer.
Eit forbetringspotensiale ved boka er at ho somme gongar går litt mykje inn på det private, noko som kan virke uinteressant for lesaren. Dette gjeld til dømes innblikk i direkte helsingar til personar i livet hennar som ho har innlemma i boka i brevform. Likevel, skuggar det ikkje for innhaldet.
Nyttig for alle
I denne samanhengen likar eg særleg korleis ho skriv detaljert om korleis det er å leve med ADHD. I mi erfaring fekk eg ei betre forståing av korleis det er å leve med diagnosen, både for den som direkte er ramma, men og for dei pårørande.
Likevel, gjev biografien eit breitt grunnlag for å lære meir om dei andre aspekta boka også fortel om, noko Nellie fortel om i skildringa av målgruppa:
«Denne boka er til deg, kjære tenåring. Til deg som føler deg alene i verden, til deg som akkurat har flytta i fosterhjem, til deg som har problemer med å ikke bli trodd, til deg som ble revet vekk fra foreldrene dine, til deg som får dårlige karakterer og ikke den hjelpen du fortjener, til deg som har noen i familien eller en venn med problemer. Den er også til deg som er lærer og føler boka kan komme til nytte for elevene dine, og til deg i barnevernet som trenger innsikt i et barnevernsbarns liv.»
Denne boka passar for: Alle som sjølv lever med diagnosar, har utfordringar som går ut over kvardagen eller er i oppfølging av barnevernet. Eller berre ynskjer å tileigne seg meir kunnskap og forståing om tematikkane.
- Les også intervjuet med bokdebutant Ella Marie Hætta Isaksen: – Ein lyt ta innover seg historia om at Noreg er ei kolonimakt, og det kan sitje langt inne for nokre.
Løvetannbarnet - En overlevelseshistorie
Forfattar: Nellie Renate Krokstad
Utgitt: 2021
Sjanger: Biografi
Forlag: People Egmont
Sider: 201