Arbeidarpartiet: Studentar må ikkje ta opp lån for å få straumhjelp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skyhøge straumprisar har ramma mange hardt, mellom anna studentane i landet. Tidlegare denne veka foreslo derfor regjeringa å gi studentar som kan dokumentere straumutgifter, 3.000 kroner i ekstra lån. 1.200 kroner av dette blir gjort om til stipend.

No understrekar Arbeidarpartiet at studentane kan velje å takke nei til lånet og framleis ha rett på stipendet.

– Mange har teke kontakt med oss med beskjed om at det bør vere mogleg å berre ha stipendet på 1.200 kroner, utan å måtte behalde heile lånet. Det er eg samd i, og sånn vil ordninga vere, seier Elise Waagen, utdanningspolitisk talsperson i Ap, til NTB.

I vedtaket om straumlån gir Lånekassen beskjed om tilbakebetaling. Det vil då vere mogleg å betale inn delen som er lån, slik at ein berre sit igjen med stipendet, opplyser ho. Straumstipendet omfattar alle studentar som har straumutgifter, uavhengig av studieprogresjon.

Forslaget skal no behandlast i Stortinget. Lånekassen vil etter planen opne ordninga i januar 2022. (©NPK)