Nobelprisvinnar Maria Ressa: – Vi må få snudd hatet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det vi har mest behov for i dag, er å få snudd dette hatet og denne valden, dette giftige grumset som strøymer gjennom informasjonsøkosystemet vårt, påpeika den no verdskjende filippinske journalisten i nobelforedraget sitt i Oslo rådhus fredag.

Dødeleg spel

Ho meiner dette økosystemet er bestemmande for alt anna i verda og rettar skytset særleg mot techgigantar som Facebook.

– Sosiale medium er eit dødeleg spel om makt og pengar. Desse amerikanske selskapa som kontrollerer det globale informasjonsøkosystemet vårt, gir eit skeivt bilete av fakta, eit skeivt bilete av journalistar. Dei er designa slik at dei splittar og radikaliserer oss. Dei tener endå meir pengar på å spreie hat og framkalle det verste i oss, slår ho fast.

Ressa er tildelt Nobels fredspris for 2021 saman med den russiske journalisten og sjefredaktøren Dmitrij Muratov. Det er første gong sidan 1936 at journalistar får fredsprisen.

Journalistane Maria Ressa frå Filippinane og Dmitrij Muratov frå Russland fekk fredag Nobels fredspris for 2021 for innsatsen sin for ytringsfridom. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

– Avgjerande vendepunkt

– Ved å gi denne prisen til journalistar i dag, sender Nobelkomiteen eit signal om at dette er ein historisk augneblink, eit avgjerande vendepunkt for demokratiet, seier Ressa.

– Utan fakta, inga sanning. Utan sanning, ingen tillit. Utan tillit, ingen delt røyndom, ingen demokrati og då blir det umogleg å takle dei eksistensielle problema verda står overfor i dag: klima, koronavirus og kampen om sanninga, seier journalisten som sjølv har fått ti arrestordrar utskrivne mot seg i heimlandet og risikerer ei fengselsstraff på rundt 100 år for journalistikken sin.

Men ho har ikkje late seg kneble, fortalde ho ein fullsett sal i Oslo rådhus.

– Jo hardare eg vart angripen for journalistikken min, desto meir handlekraftig vart eg, sa ho.

Ressa løfta òg fram fleire journalistar og filippinske kollegaer som har vorte utsette for forfølging, blant dei den 23 år gamle journalisten Frenchie Mae Cumpio, som har sete nesten to år i fengsel for påstått falske skuldingar om våpeninnehaving.

– Kvinnelege journalistar er aller mest utsette, seier ho.

Betre vern og strengare lover

Løysinga ifølgje Ressa er å sikre at den uavhengige journalistikken overlever, mellom anna gjennom bistand og sterkare vern av journalistar, og dessutan å innføre langt strengare regulering av informasjonsnettverka.

Ho rettar samtidig ei oppmoding til kvar og ein:

– Du må vite kva verdiar du kjempar for, og du må trekkje opp ei linje tidleg. Viss du ikkje har gjort det før, gjer det no, seier ho.

Ressa avslutta talen sin med å be alle lukke auga og sjå for seg verda slik ho burde vere:

– Ei verd med fred, tillit og empati, som bringar fram det beste i oss. La oss stå imot presset – saman, oppmoda ho. (©NPK)

– Det er vanskeleg for meg å la hatprat stå uimotsagt, seier Marie Eikland (26), her saman med kampanjekoordinator Eirik Rise (30).