Campusvernet på Filippinane er oppheva: – Regjeringa er ute etter å ta alle ho trur er fienden

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 32 år har studentar hjå det filippinske statsuniversitetet vore trygge på campus. Styresmaktene og University of the Philippines har hatt ei avtale om at sikkerheitsstyrkar ikkje høyrer heime på studiestaden, og difor ikkje har løyve til å vere der utan godkjenning.

Slik var det heilt til januar i år. 

oppheva forsvarsminister Delfin Lorenzana UP-DND-avtala.

– Å oppheve campusvernet er berre endå ein manifestasjon av regjeringa vår si jakt på «kommunistar», som dei eigentleg brukar som ein samleterm for all progressiv opposisjon som utfordrar regjeringspolitikken.

Det fortel filippinske Jon Bonifacio til Framtida.no på den krypterte appen Signal. Til no har 23-åringen sjølv studert medisin ved universitetet, men han har nyleg teke eit friår for å vere aktivist på fulltid.

Han meiner problema heimlandet står overfor er så store at utdanninga lyt vente.

– Eit direkte åtak

Framtida.no har tidlegare skrive om korleis den nye antiterrorlova og regjeringspraksisen med å definere meiningsmotstandarar som kommunistar eller terroristar påverkar filippinske aktivistar.

– Det betyr grunnlause arrestar, mogelegheita for å berre forsvinne, og som mange har opplevd før – å verte kalla terrorist og få ein blink teikna på ryggen, fortalde Mitzi Jonelle Tan.

Ho er uroa over at UP-DND-avtala vert oppheva, då campusane tidlegare har vore myldreplassar for aktivistar og ein politisk fristad.

– Dette er eit direkte åtak og ein frykttaktikk mot den sterke ungdom- og studentrørsla på universitetet, slår ho fast.

University of the Philippines har fleire campus rundt om i landet. Dette er frå Quezon City. Foto: patrickroque01/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0

Regjeringa er redd

Regjeringa sitt avtalebrot med universitetet er eit av dei siste i ei rekkje tiltak for å nedkjempe det president Duterte definerer som terrorisme, der også antiterrorlova inngår.

– Regjeringa vil avslutte avtala fordi dei er redde for meiningsmotstand frå unge, fortel filippinske Renee Karunungan (31) på Whatsapp til Framtida.no.

Ho er doktorgradsforskar hjå det britiske Loughborough University.

– Dei trur at universitetet er ein treningsstad for «kommunistar» under CPP-NPA-gruppa, og dei vil «verne» studentar frå kommunisme, fortel ho om styresmaktene i heimlandet. 

CPP-NPA er Det kommunistiske partiet på Filippinane og deira væpna styrke, New People’s Army, som sidan 1969 har vore i opprør mot styresmaktene.

Karunungan fortel at universitetet har vore ein fristad der studentar kan møte ulike ideologiar, og at ho sjeldan har vore vitne til rekrutteringsforsøk på campus.

Skuldingane vert òg avviste av universitetet. Medan styresmaktene hevdar dei avsluttar avtala av sikkerheitsårsaker, meiner universitetspresident Danilo Concepcion det er eit åtak på akademisk fridom.

Ikkje overraska

Renee Karunungan fortel at ho ikkje er overraska over avtalebrotet frå regjeringa, fordi ho allereie har sett studentaktivistar og -organisasjonar vorte merkte som kommunistar. Ho skildrar styresmaktene som paranoide.

– Dei trur alle studentar som protesterer er kommunistar. Det er eit brot på studentar og professorar sin rett til ytringsfridom og fridom. Dette er trakassering, slår ho fast.

Dei er redde for meiningsmotstand frå unge

Karunungan har sjølv vore student hjå University of the Philippines, og er òg ein av forfattarane bak SAIH-rapporten Students by night, rebels by day, der kriminalisering av studentar vert belyst.

Både i rapporten og overfor Framtida.no peikar Karunungan på at universitetscampus historisk sett har spelt ei viktig rolle, mellom anna då filippinarar kjempa mot diktaturet på 70- og 80-talet.

– Slutten på UP-DND-avtala vil definitivt auke frykta for å utveksle idear, særleg sidan mange studentar vert merkte som kommunistar og fengsla så lett.

Ser fiendar overalt

– Sjølv før campusvernet vart oppheva, så var det vanskeleg å diskutere tema som kunne verte tolka som «kommunistisk», fortel Jon Bonifacio. 

Ifølgje 23-åringen har fleire studentorganisasjonar heva stemma si i protest, og universitetstilsette har lansert kampanjar der dei oppmodar administrasjonen til å ta ei sterkare stilling i saka.

– Alle veit at regjeringa er ute etter å ta alle ho trur er fienden akkurat no, sjølv om dei berre er studentar, konstaterer Bonifacio.

Seinast i mai vart University of the Philippines og Polytechnic University of the Philippines igjen stempla som rekrutteringsplassar for geriljaorganisasjonen New People’s Army.

Det føregjekk i ei høyring vedrørande eit nytt forslag som freistar å gjere UP-DND-avtala til ein del av lovverket, trass i at styresmaktene har gått vekk frå ho. University of the Philippines stilte seg då bak forslaga:

– For oss er ikkje dei avtalene berre avtalar mellom UP og regjeringa. Dei avtalene er regjeringa si formelle erklæring av at regjeringa garanterer UP akademisk fridom, sa universitetspresident Danilo Concepcion.

Onsdag 2. juni vart lovforslaget godkjend av House Committee on Higher and Technical Education, det første hinderet. Lovforslaget forbyr ikkje ransaking på campus, men krev at administrasjonen vert varsla i førekant.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no

María Jacinta (17) frå Guatemala og norske Hannah Kjellevold Steinsland (18) går begge i 2.klasse på vidaregåande. Men elles er kvardagen ganske annleis. Foto: Jesner Crisfer Ivan Colaj Xocop og privat