Regjeringa vil gi 3.000 kroner i straum-støtte til studentar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har sagt over litt tid at vi følgjer straumprisane tett. Vi er smerteleg klar over at dei høge prisane òg slår inn for mange studentar. Det har dei òg sjølv vore klare på. No opnar vi for at dei som treng det kan få hjelp, seier høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) til VG.

Lånet skal vere tilgjengeleg gjennom Lånekassen, og pengane skal kunne utbetalast i januar, opplyser Kunnskapsdepartementet.

– Studentane er ei av fleire grupper som har merka straumprisane i vinter. Derfor jobbar vi vidare med fleire tiltak for å gjere straumrekninga lågare òg for andre grupper, seier Borten Moe.

Regjeringa snur

Tidlegare har regjeringa sagt nei til liknande forslag.

Mellom anna presenterte opposisjonspartia Venstre, Høgre og KrF førre veke eit forslag om 1.000 kroner i ekstra straumstipend til studentane. Dette vart avvist av regjeringspartia og SV.

– Vi har lagt oss litt over forslaget frå opposisjonen på stipend, og i tillegg aukar vi likviditeten til studentane ved å gi moglegheit til lån, seier Borten Moe.

Regjeringa vil òg auke bustøtta med 1.500 kroner i månaden og auke sosialhjelpsbudsjettet for å hjelpe nordmenn med straumrekninga.


Foto: Amin Hasani/Unsplash, Privat. Kollasj: Framtida.no