Rekordhøge straumprisar: «Verste konsekvens er at enkelte elevar må avbryte studiet»

Victoria Elisabeth Andal (22)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det å fryse i Noreg, og ikkje ha råd til å betale straum er ikkje noko som høyrer heime i verdas rikaste land.

Dessverre er det mange som gjer det, utan å ha krav på hjelp frå NAV. 

4200 kroner i månaden

Når det går mot vinteren, går straumforbruket opp, og straumprisane er ekstreme. Vi som elevar får bortebuarstipend på 4200, som nesten ikkje dekker ein hybel, og ein del av desse elevane må òg betale straumrekningane som ligg høgt.

I 2021 har NVE-sjef Kjetil Lund sagt til NRK at straumforbruket vil auke og prisane vil stige rekordraskt. Ekspertar har sagt at prisane vert høgare, sjølv om dei nådde ein ekstrem pris måndag 29. november. Mange brukar vedomnar, men hjå dei fleste elevane som bur i hybel med fleire andre er det ikkje alltid tilrettelagt for det.

Sjølv om ein slår av straumen i rom ein ikkje oppheld seg i, er det oppvarminga som tek mesteparten av rekninga.

Vi som elevar kan ikkje miste livskvalitet på vinteren, eller ligge i senga under dyna for å halde varmen på ettermiddagen.

Dessverre er dette realiteten for mange av dei som må betale straumrekningane sjølv.

Ei god investering å gje elevar ei handsrekking

Når ei vanleg hushaldning må ut med fleire hundre kroner i månaden for straum er dette sure pengar, men for elevar som må betale straum er det til tider eit val mellom rekningar eller mat.

Ein kan velje å ta opp lån frå Lånekassen, men lån for ei straumrekning som er for høg i verdas rikaste land skulle vi vore forutan.

Vi importerer meir straum til utlandet gjennom ACER-kablane, og det er vi som sit att med ei skyhøg rekning.

Vi har husleieloven som hjelper studentar som betalar straum med leigeavtala, at husverten ikkje skal heve leiga, men vi som sit med ein eigen straumleverandør må prioritere.

Om arbeids- og sosialminister Hadia Tajik (Ap) oppfordrar NAV til å ikkje trekkje bistand frå dei som får hjelp om vinteren, burde det verte lagt til rette av Stortinget og regjeringa at studentar og elevar får bistand utan ekstra betaling.

Verste konsekvens er at enkelte elevar må avbryte studiet og flytte heim. Det er ikkje lønsamt for Noreg på sikt. Det vil vere ei god investering frå staten at vi elevar får ei lita handsrekking, slik det er no.

Ingen skal fryse, ingen skal svelte i Noreg.


Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til tips (a) framtida.no eller på DM på Instagram


Lisa Ølvestveit og Kaja Ibsen bur begge på hybel. Foto: Privat