Ungdommens ytringsfridomsråd har seks konkrete tips som kan føre til ein betre samfunnsdebatt.
Andrea Rygg Nøttveit

I går lanserte Ungdommens ytringsfridomsråd sin rapport om korleis det står til med ytringsfridommen for ungdom og unge vaksne i Noreg.

Dei kjem med seks konkrete råd for ein betre debatt:

1. Forstå meiningsmotstandaren

I ein diskusjon/dialog bør ein alltid prøve å forstå kva meiningsmotstandaren meiner. Ikkje baser kritikken din på noko du går ut i frå at vedkommande meiner.

2. Diskuter sak, ikkje person

3. Finn fellesskap

Undersøk om det finnast organisasjonar eller grupper som er interessert i det same som deg. Står ein saman, blir terskelen lågare for å engasjere seg.

4. Snakk med vener og familie

Det er mange måtar å bruke stemma si på! Det enklaste er å snakke med familie og vener om det ein er engasjert i. Så kan ein etterkvart organisera seg, lage kampanjar, laga kunst, bruke sosiale medium, skrive kronikk og så vidare.

5. Kva kan eg bidra med i denne saka?

Tenk: kva kan eg bidra med i denne saka? Vil diskusjonen bli betre med mine synspunkt? Burde eg lytta til andre før eg tek standpunkt? Korleis kan eg uttrykke meg slik at andre kjem til å forstå kva eg meiner?

6. Faktasjekk påstandar

Bruk tid på å finne kjelder og faktasjekke eigne påstandar. Tenk på potensielle motargument og gode argument mot desse. Då er du betre rusta dersom ein debatt skulle oppstå.


Nancy Herz leiar Ungdommens ytringsfrihetsråd. Foto: Privat
Oppdatert: torsdag 29. april 2021 15.35
ANNONSE