RU-leiaren: «Tida er inne for å setje menneske over marknader»

Alberte Tennøe Bekkhus
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. 

Krafta vår. Den billege, grøne, tilgjengelege krafta vår vi i teorien kan vera sjølvforsynt med.

Krafta, vårt konkurransefortrinn som gjer det mogleg for eit dyrt land som Noreg å ha industri. Det som skal vera ei felleseige og ein ressurs for hushald og industri, har vorte noko staten Noreg tener godt på, på kostnad av lommebøker over heile Noreg.

Krafta vår er konkurranseutsett, og mange står no i ein helt uhaldbar situasjon, forårsaka av dagens kraftkapitalisme.

Når Anita Bjørnevik Knutsen hjarteskjerande fortel at det er helseskadeleg kaldt heime hos henne og at ho på trass av varmepumpe og ENØK ikkje har råd til straumen, og olje- og energiminister Marte Mjøs Persen sitt svar er «vi skal sjå på løysingar» utan å ta i rota til problemet, er det grunnlag for å bli frustrert.

Den evige marknadstrua

Den store elefanten i rommet er den uendelege marknadstrua. Marknaden fiksar. Men i dette tilfellet har marknaden gitt oss skyhøge rekningar, og staten Noreg feite inntekter.

Og det er ikkje den einaste gongen det har skjedd.

I over 20 år har vi hatt ein helseføretaksmodell, der helseføretaka blir drivne etter bedriftsøkonomiske prinsipp, ikkje etter tanken «korleis kan vi sikra eit så godt tilbod som mogleg». Konsekvensen har vore sentralisering, skyhøge leiarlønningar og mindre kapasitet.

Det same ser vi i andre område av offentleg sektor: New Public Management har gitt oss tenester drivne etter økonomiske, ikkje menneskelege mål. ABE-reforma har pressa gjennom ostehøvelkutt på ostehøvelkutt, med dårlegare tenester som resultat.

Evig vekst og profitt har vunne over menneske og miljø i over 200-300 år.

Det verkar som om ein har gløymt at tenester er nettopp det. Tenester ein skal levera, ikkje noko ein skal tena pengar på.

Sjølv i eksistensielle spørsmål, som klimaet og naturen, skal marknaden regjera. Det er viktigare å gi omstillingsinsentiv til private bedrifter, enn å gjennomføra kontrollert og rettferdig omstilling.

Det er viktigare å sikra den kortsiktige profitten, enn dei uendelege ressursane, som i Førdefjorden der ein vil dumpa 250 millionar tonn gruveslam i ein nasjonal laksefjord.

Vi har kjent til menneskeskapte klimaendringar i over 40 år. Hadde marknaden ønskt eller kunna stansa dei, hadde han allereie gjort det. Evig vekst og profitt har vunne over menneske og miljø i over 200-300 år.

Frå marknader til menneske

Marknadstenking har gitt oss svakare velferd, skyhøg straumpris og pinglete klimapolitikk. Tida er inne for å setje menneske over marknader – folkestyre over pengestyre.

Krafta vår må tilbake i folkets eige.

Velferda vår må driftast etter det reelle behovet til menneske.

Og tida er inne for å seia at den kapitalistiske marknadstenkinga er veleigna for å gjera nokre få enkeltpersonar veldig rike. Men ikkje for å sikra velferd og gode liv for folk flest.


Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til tips(a)framtida.no!


– Det kan vere eg har ualminneleg dårleg viljestyrke, men når eg går inn på Instagram vert eg ofte på Instagram til det er noko anna overhengande eg må gjere, fortel Line Horgen Thorstad.