Klima og miljø

«Livet i Oslofjorden har gradvis forsvunne fordi me har mangla leiing»

For 20 år sidan såg situasjonen annleis ut i Oslofjorden. Då var det framleis fisk i fjorden, skriv Geir Lippestad og Simen Bondevik, første- og tredjekandidat for partiet Sentrum i Oslo.

Simen Bondevik (22) 3. kandidat for partiet Sentrum i Oslo og Geir Lippestad (59) 1. kandidat for partiet Sentrum i Oslo
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Fisken i Oslofjorden ser ut som spøkelse. Nokre har opne sår, er bleike og fulle av parasittar.» Slik lyder skildringa frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Livet i Oslofjorden har endra seg dramatisk dei siste åra. Torsken er meir eller mindre borte, korallane døyr. Forskarar rapporterer om auka algeoppblomstring, tilslamming og stadig fleire døde soner med livlaust vatn.

Manglar handlekraft

For 20 år sidan såg situasjonen annleis ut i Oslofjorden. Då var det framleis fisk i fjorden, ikkje minst torsk. Då var badevatnet betre, både i indre og ytre Oslofjord. Men medan vi på andre område har blitt stadig flinkare til å få reinare luft og å sortera avfall, har tilstanden i Oslofjorden blitt dramatisk forverra. Vår handlekraft på enkelte andre miljøområde manglar fullstendig når det gjeld Oslofjorden.

Alt fjorden har fått så langt er snakk. Inga handling.

quote-left

Me kan ikkje overlata alt ansvar til kommunane og enkeltpersonar.

quote-right

Er det verkeleg dette me vil ha? Eller skal me gå frå ord og lovnader til handling? I så fall er me avhengige av at landets leiing vaknar, me kan ikkje redda Oslofjorden utan god leiing. Me kan ikkje overlata alt ansvar til kommunane og enkeltpersonar.

Leiing er eit ord med røter i norrønt og ei tyding i retninga av «ein som går framfor og viser veg». Denne funksjonen har det dessverre ikkje vore nokon som har tatt på seg i det svært viktige arbeidet med å redda og gjenoppretta liv og økologisk balanse i Oslofjorden.

Maritimt nærmiljø

Oslofjorden er det maritime nærmiljøet til 1,7 millionar nordmenn. Det er mange årsaker til at dette nærmiljøet har blitt dramatisk forringa dei siste 20 åra, men ansvaret ligg alltid øvst. Det ligg hos statsministeren.

Naturvernforbundet er blant dei som påpeiker at endring må komma no, om me skal få gleda av det i løpet av livet vårt. Då må det takast grep, verkeleg takast grep.

Livet i Oslofjorden har gradvis forsvunne fordi me har mangla leiing som har vist vilje og evne til å gå føre, og som framleis den dag i dag manglar vilje og evne til å stilla krav, peika ut ei retning og skapa forandring. Vasskvaliteten er på sitt verste når det kjem til nitrogennivået – som tek livet av alt liv i havet. Likevel sit me framleis berre og snakkar om nitrogenreinseanlegget som snart skal planleggjast – som ikkje kjem på mange år enno. Og som har ein kostnad som me innbyggjarar må betala rundt seks-sju tusen kroner ekstra i året for.

Nye reinseanlegg

Me veit ikkje sikkert kva alle grep som kan redda fjorden er. Men nokre idear er dei fleste allereie einige om gjennom Osloprosjektet. Blant desse finn me: Nye reinseanlegg som fjernar nitrogen, stopp av overfiske, reduksjon av utslepp i Oslofjorden frå landbruk og avløp, og å få bukt med uønskte artar som har busett seg i fjorden.

quote-left

Det krev først og fremst ein formidabel leiingsjobb frå statsministeren.

quote-right

Likevel må ideane bli sette ut i livet før me kan nyttiggjera oss av dei. Det er ikkje godt nok når Miljødirektoratet og Statsforvaltarane konkluderer med at dei felles planane for Oslofjorden berre er starta, men ikkje fullførte. Det krev stor innsats frå 118 kommunar. Det krev først og fremst ein formidabel leiingsjobb frå statsministeren.

Treng leiing

Slik tilstanden er no, er det betre å risikera å gjera noko som har liten effekt, enn å risikera å ikkje utnytta ein idé med god effekt.

No har me ikkje tid til å vente. Me treng leiing. Leiing som viser veg, som stiller krav. Leiing som går framfor og får ting gjort.

Akkurat no er det Jonas Gahr Støre som har vår øvste leiarposisjon, og akkurat no må han visa handling, skal me oppleva ei positiv endring i vår levetid! Og leiinga i dei partia som ikkje sit i regjeringa, må stilla mykje tydelegare krav til regjeringa om konkrete grep.

Ventar på marsjordre

Partiet Sentrum vedtok på landsmøtet ein resolusjon der me mellom anna krev strenge reguleringar for utslepp frå landbruk, havbruk, industri og andre kjelder. Me håpar flest mogleg parti vil stilla seg bak dette kravet, slik at ord blir omsett til handling.

Om me saman skal kunne gleda oss over ein rein fjord der bading, fisking og sjøliv også blir mogleg for neste generasjonar, må me handla no. Det er ingen andre miljøprosjekt i Noreg å satsa på som er like viktige for livskvaliteten til så mange menneske.

Alle ventar på at Støre skal gje marsjordre. Den må koma no!