Politikk og samfunn

«Tvil skal kome individet til gode, men det gjer det ikkje i asylsystemet»

Norske myndigheiter burde seie unnskyld til Suel Kassembo, ikkje kaste han ut, meiner Emilie Hansen.

Emilie Hansen (24)
Publisert

Emilie Hansen har vore sommarvikar og frilansskribent i Framtida.no. Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er lenge sidan eg slutta å tru på at individ vert møtt med rettferd og menneskeverd i det norske asylsystemet. Igjen og igjen blir denne manglande trua bekrefta. Suel Kassembo si sak vert endå eit eksempel på den manglande rettferda.

Flykta til Noreg som 16-åring

Suel Kassembo flykta til Noreg frå Burundi som 16-åring, etter faren, mora, og systera hans vart drepne i borgarkrigen. Det var ei lang, krevjande og farleg reise. Når ein er 16 år skal ein vere med vennar, kanskje forelske seg for fyrste gong, og tenkje på kva ein vil gå på vidaregåande. Ein skal ikkje måtte legge ut på flukt aleine, fordi ein fryktar for eige liv, men det var realiteten for Suel Kassembo.

Då han kom fram til Noreg måtte han gå igjennom fleire intervju og alderstestar, for å finne ut om identiteten han oppgav var riktig. Tvil skal kome individet til gode, men det gjer det ikkje i asylsystemet. 

quote-left

Etnisiteten hans vart tvilt på. Alderen hans vart tvilt på. Og historia hans vart tvilt på.

quote-right

Tek du ein alderstest der resultatet vert at du kanskje er 20 år, men det er godt mogleg at du er under 18 år, konkluderer UDI og UNE med at er 20 år. Alt som kan tolkast slik at individet som søkjer om asyl kan kastast ut av landet, tolkast slik. Og dette vart også tilfelle for Kassembo. Etnisiteten hans vart tvilt på. Alderen hans vart tvilt på. Og historia hans vart tvilt på.

Ureturnerbar asylsøkjar

Kassembo fekk ikkje asyl i Noreg i 2004, men sidan UNE ikkje klarte å dokumentere kva for eit land han kunne kome frå, kunne han heller ikkje returnerast nokon stad. Kassembo vart dermed ureturnerbar

Sidan då har han prøvd å leve eit så godt som normalt liv på Sunnmøre. Fyrst jobba han frivillig, seinare fekk han seg jobb på Runde Miljøsenter. Han har studert og han har skatta. Kassembo har bidrege i samfunnet, og vore ein ressurs. Han har også fått mange venner, og folk er glade i han i lokalsamfunnet.

Forsøkt sendt tilbake til Burundi

I fjor sommar fekk Suel Kassembo tak i bevis for at han faktisk er frå Burundi, og har snakka sant i alle desse åra. I staden for å då endeleg få asyl i Noreg, tok politiet han til Trandum. No hadde Noreg eit land å sende han tilbake til.

Takka vere advokaten hans og stort engasjement vart ikkje Kassembo kasta ut av Noreg i august 2023, og han gjekk til retten med saka si. Også her tapte Kassembo, og dei norske myndigheitene meiner han framleis ikkje har rett på asyl i Noreg.

 

Kyrkjeasyl i Herøy kommune

Medan eg skriv dette sit Suel Kassembo i kyrkjeasyl i Herøy kommune. Han har søkt kyrkjeasyl i eit håp om å kunne få vere i Noreg til anka hans på dommen i Oslo tingrett er behandla. Men når du les dette, er han kanskje ikkje der lenger. Dette fordi regjeringa har oppheva retten til kyrkjeasyl, noko som gjer slik at politiet kan ta han med makt uavhengig om han er i kyrkja.

quote-left

Skal ein 35 år gamal mann straffast fordi han snakka sant som 16-åring? Det gir jo null meining!

quote-right

Skal ein 35 år gamal mann straffast fordi han snakka sant som 16-åring? Det gir jo null meining! Suel Kassembo burde ha fått asyl då han kom hit som barn, og burde i alle fall få det no når han har klart å bevise eigen identitet.

Sidan UNE ikkje har trudd på Suel Kassembo sidan 2004, har han levd i over 19 år på vent. 19 år. Det er utruleg lenge.

Burde seie unnskyld

Norske myndigheiter burde seie unnskyld til Kassembo, ikkje kaste han ut. Dei burde unnskylde seg for å ikkje tru på han. For å ha mistenkeleggjort han. For å ha tatt 19 år av livet hans. For å ha pågripe han og sendt han til Trandum som om han var kriminell. For å ha påført han unødvendig mykje stress, frykt og bekymring.

Suel fortener å få fortsette livet sitt i fred. Han fortener å endeleg få opphald i Noreg. Alt anna vert feil.