Politikk og samfunn

«Om konflikten skal få ein slutt, må palestinarar få fridomen og sjølvstendet sitt»

Noreg bør ta på seg ei leiande rolle internasjonalt for å sikra ei varig fredsløysing, meiner Sandra Tenud og Oda Medhus i AUF.

Sandra Tenud (25) og Oda Medhus (20)
Sentralstyremedlem i AUF og fylkesleiar av AUF i Vestland
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi vart alle skaka av bileta frå Hamas sitt dødelege terrorangrep, som tok livet av 1400 sivile for nokre veker sidan. Den groteske og valdelege terroren retta mot sivile blir førdømd. Israel lova ein hard motkamp, som har vist seg å vera forferdelege bombingar og drap på sivile og barn i Gaza. FN rapporterer no at det dagleg blir drepe eller skada 400 barn på Gaza kvar einaste dag. Minst 3595 born er frårøva livet.

Dette er ikkje sjølvforsvar. Dette er slakt.

quote-left

Sivile kan aldri vera mål, verken i terror, krig, angrep eller hemn

quote-right

Sivile kan aldri vera mål, verken i terror, krig, angrep eller hemn. Verken frå israelsk side, eller frå Hamas.

Sjølv om Hamas sin terror er forkasteleg, legitimerer ikkje det Israels kollektive avstraffing av heile den palestinske folkesetnaden i Gaza. Det bur 2,3 millionar menneske, korav halvparten er born i Gaza, eit landområde på storleik med Mjøsa.

Dei siste vekene har Gaza blitt bomba, folk har mista heimane sine, og meir enn ein million menneske har blitt pålagde å flykta nord i Gaza. Dei har ingen stad å reise. Israel har intensivert sin mangeårige blokade av Gaza sidan krigen braut ut. Sivile palestinarar har mista tilgangen til vatn, mat, medisinar, straum og bensin. Og no er tilgangen til kommunikasjon med omverda broten.

Og dei har ingen stad å flykta.

Israels blokade av Gaza må stoppe. Bombinga av Gaza må stoppe.

quote-left

Om konflikten skal få ein slutt, må palestinarar få fridomen og sjølvstendet sitt

quote-right

Det hastar meir enn nokon gong å få på plass fred mellom Israel og Palestina.

Krigen skjer ikkje mellom to likeverdige partar. Om konflikten skal få ein slutt, må palestinarar få fridomen og sjølvstendet sitt. Det må sjølvsagt skje ved ikkje-valdelege middel. Då må det internasjonale storsamfunnet stilla opp.

Noreg må ta sitt naudsynte ansvar internasjonalt. Noreg er kapable til, og bør ta på seg ei leiande rolle internasjonalt for å sikra ei varig fredsløysing som tryggjer israelarar og palestinarar retten til å leva frie liv i tryggleik. Dette må skje gjennom ei tostatsløysing, og denne må finna stad etter prinsippet om ikkjevald. No var Noreg det einaste landet i Norden som stemde for våpenkvile på Gaza i FN. Arbeidarpartiregjeringa har tatt eit historisk viktig steg i kampen for ei meir rettferdig verd.

AUF krev at bombinga av sivile tar slutt, at gislar blir frigjort, at menneske får tilgang på humanitær hjelp og blokaden blir over. So må vi ein gong for alle gje det palestinske folket fridomen sin. 

Eit liknande AUF-innlegg har tidlegare vore publisert i Altaposten.