Norske jenter føler seg «skitne» under mensen

Blant jenter i alderen 15-19 år svarar 82 prosent at dei føler seg skitne under mensen, ifølgje ei undersøking frå CARE Norge.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kaj-Martin Georgsen – Foto: Anna Kvarberg Ekre

– Det er store og alvorlege konsekvensar av at så mange kvinner føler skam rundt det som er ein naturleg del av livet – både i Noreg og internasjonalt.

Det seier generalsekretær i CARE Norge Kaj-Martin Georgsen til VG, som først omtala saka.

Redde for å «blø gjennom»

CARE Norge lanserte i dag ei undersøking gjennomført av Mindshare og Norstat der over 1000 norske kvinner har vorte spurt om haldningar til mensen.

Over av halvparten av kvinnene (54 prosent) svarar at dei føler seg skitne under menstruasjon.

I alderen 15-19 år er dette talet betydeleg høgare. 82 prosent av tenåringane i undersøkinga svarar at dei føler seg skitne under menstruasjon.

Dei yngste kvinnene gøymer i større grad bind og tampongar, og er reddare for å «blø gjennom» enn dei som er eldre.

– Ser ned på eigen kropp

Sexolog og programleiar Tuva Fellmann er ikkje overraska over funna, men synest det er trist.

– Faren ved at me synest mensen er ekkelt og flaut, er at me ser ned på eigen kropp, at me tenkjer at me ikkje bør lika han, det er veldig negativt, seier ho i pressemeldinga frå CARE Norge.


Tamanna Agnihotri har vore programleiar i NRK sitt prateprogram om mensen. Foto: Maria Oliva Rivedal/NRK P3