Trur robotdelfinar kan få slutt på delfinar i fangenskap

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då eg først såg delfinen tenkte eg han kunne vore ekte.

Det seier ei kvinne som har prøvd å svømme med robotdelfinen, i ein promovideo frå selskapet.

(sjå videoen lenger nede)

Frå film til verkelegheita

Det California-baserte selskapet Edge Innovations har spesialisert seg i animatronikk, som er å laga livaktige robotar som etterliknar menneske og dyr.

Desse vert ofte brukt i tv- og film, men det amerikanske selskapet håpar at robot-dyr etterkvart kan erstatte ekte dyr i fangenskap.

Selskapet har mellom anna laga robotar til bruk i storfilmane Free Willy, Deep Blue Sea og Anaconda:

3000 delfinar i fangenskap

Gründer og administrerande direktør i Edge Innovations, Walt Conti, meiner at det er ein marknad for å læra og la seg begeistra av delfinar.

–  Det er noko slikt som 3000 delfinar som no er i fangenskap, som blir brukt til å generere milliardar av dollar berre for delfinopplevingar, seier Conti til Reuters.

Selskapet hans håpar å bidra til ein meir dyrevenleg måte å bli kjend med delfinar, og andre sjødyr på. I tillegg til delfinar ser dei føre seg sikker dykking med kvithai eller kanskje gigantiske reptilar, som ser ut som noko henta frå Jurrasic Park.

Robotdyra vert stadig meir livaktige:

3-5 millionar dollar for delfinen

Den 2,5 meter lange delfinroboten veg 250 kilo, er dekt av medisinsk silikon og kostar frå tre til fem millionar dollar.

Over 20 europeiske land har til no forbydd eller avgrensa bruken av levande dyr i sirkus.

Conti trur at robotdyra deira kan lokka tilbake publikum som ikkje likte at parkane brukte levande dyr.

Fangehald og show med spekkhoggarar har vore omdiskutert lenge. Sea World i San Diego USA slutta med spekkhoggarshow i 2017 på grunn av fallande popularitet. Illustrasjonsfoto: NeONBRAND,  Unsplash.com