Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tilbakemeldingane er utrulege, det tar av over alt.

Det fortel Jillan Moss som arbeider i den tyske foreininga for forlatne dyr til nyheitsbyrået Reuters. Ho avslører at det er fleire som har swipa til høgre for å setje opp ein «date» med eit av dei eigarlause dyra som no har fått Tinder-profilar.

Under nedstengingane i samband med koronapandemien fekk mange seg kjæledyr. Dyrevernsorganisasjonar har åtvara om at mange av desse kan bli forlatne av eigarane sine.

Einsame dyr og menneske

Dyrebeskyttelsen i München, Tierschutzverein München, skriv på Facebook-sida si at ein nokon gongar må gå ukonvensjonelle vegar for å nå måla sine, og det er akkurat det dei har gjort.

Dei fekk eit reklamebyrå til å ta profesjonelle bilete av 15 dyr, blant dei ein svart og kvit katt som heiter Captain Kirk, som dei vidare laga profilar for på datingappen Tinder.

Dei håpar at einsame menneske som leitar etter kjærleiken også kan nøye seg med ein katt eller hund.

– Det er ikkje berre einsame sjeler blant menneska, det er også mange einsame sjeler blant dyra, seier Benjamin Beilke som koordinerer kommunikasjonen på Tinder for dyra til Reuters.

Han legg til at dei håpar dyra vil finne ein partnar for livet, og ikkje berre for eit par veker.


Hjorten er utstyrt med ei erogen sone i panna som dei likar å gnikka på. Foto: Pxhere