Magnus (17): «Kvifor er så få menn feministar?»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Likevel er det mange som kvir seg for å bruka ordet feminist om seg sjølv, særleg menn og gutar.

I NRK-serien F-ordet gjennomførte programleiar Ulrikke Falch eit eksperiment, ho stiller ein heil vidaregåande skule med 900 elevar opp på den eine halvdelen av ein fotballbane og ber dei som kallar seg sjølv for feministar gå over til den andre sida av fotballbanen.

Berre 183 vel å gå over til feminist-halvdelen av fotballbanen, og gutane som vel å gå over kan teljast på ei hand.

Er det verkeleg berre eit fåtall av gutane som er for at ein skal ha dei same rettane og moglegheitene uansett kva kjønn ein har?

Skjermdump frå episoden «Kjønn» i NRK-serien «F-ordet».

Planen var eigentleg at denne teksten skulle vera ei slags hyllest til dei mannlege feministane. Som du kanskje skjønar gjekk ikkje planen så bra, det var rett og slett ikkje mange mannlege feministar nok å skriva om. Etter ørten google-søk gav eg opp, eg greidde berre å finna to kjende menn som kallar seg feministar, Justin Trudeau og Dalai Lama.

Kvifor er ikkje fleire menn feministar?

Framleis ikkje likestilte

I 2020 er det framleis eit problem i Noreg at kjønna ikkje er reelt likestilte.

I dag har kvinner og menn i Noreg stort sett dei same rettane, men me har ikkje alltid dei same moglegheitene. For mange kan det nok vera lett å tenkja seg til område i samfunnet der det kvinner har innskrenka fridom og ikkje dei same moglegheitene som menn.

Men det finst òg eit hav av døme på område der menn har det verre enn kvinner.

Menn tek til dømes sjølvmord omtrent dobbelt så ofte som kvinner, og menn er overrepresenterte i gruppa unge arbeidsledige.

Ikkje minst finst det store kjønnsforskjellar i skulen. Eit døme på det er at når karaktersnittet til norske tiandeklassingar skal reknast ut, skårar gutane i gjennomsnitt ein halv karakter dårlegare enn jentene, trass i at gutar og jenter gjer det like godt på nasjonale prøver.

Mykje tyder på at gutar blir urettferdig behandla i skulen.

Mykje tyder på at gutar blir urettferdig behandla i skulen. Kjønnsforskjellar i skulen er ekstra ille, fordi dei forplantar seg seinare i livet, til dømes er det vanskelegare for gutar å koma inn på utdanningar som krev eit høgt karaktersnitt.

Det gjer at me i framtida kjem til å mangla mannlege psykologar og legar.

Treng me ein eigen mannsdag?

I dag, 19. november, er det den internasjonale mannsdagen. Denne dagen er ikkje fullt så kjent som storesystera kvinnedagen, men veks seg større for kvart år som går. Mannsdagen er ikkje ein offisiell merkedag slik som kvinnedagen, og det nøyaktige svaret på kva som er føremålet med mannsdagen varierer litt etter kven du spør.

Men ei av dei viktigaste grunngjevingane for mannsdagen er at det er viktig å setja fokus på korleis menn blir diskriminert i samfunnet og å fremja likestilling. Etter dei døma eg har vist på korleis menn kan bli diskriminert, så burde det eigentleg ikkje vera noko som helst tvil om at det er eit viktig føremål. Men betyr det at me treng ein eigen mannsdag?

Kvifor me har ein eigen mannsdag og ein eigen kvinnedag slit eg med å forstå. Treng me eigentleg ein eigen dag for kvart kjønn?

Overraskande mange av parolane på kvinnedagen i år er relevante for alle uavhengig kjønn. «Stopp voldtektene – døm overgriperne! Samtykkelov nå!», «Ja til 6-timersdagen – nei til ufrivillig deltid» og «Slutt å ta fra de fattige og gi til de rike: STOPP AAP-KUTTENE» er gode døme på det.

Kvinnedagen på Youngstorget i Oslo, 2020. Foto: Fredrik Hagen / NTB

Ein kan sjølvsagt hevda at sidan kvinner er overrepresentert på valdtektsstatistikken, oftare jobbar ufrivillig deltid og utgjer den største andelen av AAP-mottakarane (AAP er ei forkorting for arbeidsavklaringspengar), så handlar parolane eigentleg berre om å betra vilkåra for kvinner.

Men ein kan òg argumentera for at nokre av parolene har eit bodskap som er viktigare for menn enn for kvinner, til dømes «Pornofri barndom – Ja til nettpornofilter!».

Det er omtrent tre gongar så mange gutar som ser på porno enn jenter, og gutar blir utsette for porno tidlegare enn jenter, faktisk har 15 % av gutane sett porno før dei fyller 8 år.

Eit nettpornofilter ville ha skapt ein pornofri barndom for fleire gutar enn jenter og ville altså vore meir til nytte for gutar og menn enn jenter og kvinner. Men eit slikt tiltak ville heilt sikkert òg hatt positive sider for kvinner, då det kanskje kunne hindra noko av utnyttinga av kvinner i pornobransjen.

Og likeins ville eit stopp i AAP-kutta betydd enormt mykje for dei omtrent femtitusen mennene som går på arbeidsavklaringspengar. Det er heller ikkje bra med fattigdom og ulikskap for samfunnet vårt som heilskap.

Likestilling lønner seg for alle

No har me koma til poenget mitt: Likestilling, feminisme og små kjønnsforskjellar lønner seg for alle.

Samfunnet er ikkje eit nullsumspel. Ein siger for deg, betyr ikkje eit tap for meg.

Som gut tener eg og resten av samfunnet på at alle jenter får moglegheita til å jobba heiltid viss dei ønskjer det.

Og viss du er jente, så tener du og samfunnet på at eg og andre gutar får moglegheita til å gjera det betre på skulen, slik at me har dei beste føresetnadane for å bidra i arbeidslivet og til skattekassa.

Ein siger for deg, betyr ikkje eit tap for meg.

Kanskje det beste hadde vore å slå saman både mannsdagen og kvinnedagen til éin felles likestillingsdag. Ein dag me kan stå saman og visa kvarandre at me bryr oss om kvarandre. Ein dag me kan visa solidaritet og seia til kvarandre at me skal kjempa for at alle, uavhengig kjønn, skal ha dei same moglegheitene.

Solidaritet er viktig. Me som er gutar eller menn vinn ikkje kampen mot diskriminering i skulen, sjølvmordstala og arbeidsløyse blant unge gutar åleine. Og jentene og kvinnene kjem heller ikkje til å overvinna all den urettferda dei møter åleine.

Me treng kvarandre. Me som er gutar og menn har lenge vore for dårlege til å visa vilje til å kjempa for jentene og kvinnene. Det må endra seg.

Me kan ikkje berre tenkja inni oss at me er for likestilling. Me må seia det høgt og visa solidaritet.

Me må byrja å kalla oss sjølv for feministar. Me treng nemleg feminismen like mykje som jentene.