«Kjære nye regjering: Det kjem ikkje til å kome noko vaksine mot klimaendringar»

Aurora Lodden
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kjære, nye regjering. 

Når eg skriv dette har eg akkurat lese nyheita om at dersom vi ikkje gjer noko med klimautsleppa, vil vi i følgje FN vere godt på veg mot 2,7 grader oppvarming.

Nokre veker tidlegare kom også FN med ein rapport som vart omtala som «kode raud» for menneskeheita. Her kjem det mellom anna fram at klimaendringane er menneskeskapte, og dei skjer raskare og tydelegare enn nokon gong.

Heldigvis er det ikkje for seint å snu, men det vil krevje handling, og den handlinga må skje no.

Nettopp difor skriv eg til dykk i dag, for vi har inga tid å miste! Vi kan ikkje vente på at nokon skal kome med ei eller anna oppfinning som skal fikse alle klimaproblema for oss.

Vi kan ikkje vente på at forskarar ein dag skal finne ut at klimaendringane ikkje var menneskeskapte, så det er ikkje noko vi kan gjere uansett.

Og vi kan ikkje vente fire år til, og håpe at denne gongen har mange nok skjøna alvoret. Den gongen vel dei ei regjering som er villige til å handle. Dei fire åra er tid vi ikkje har.

Sjå berre tilbake på den pandemien vi endeleg er på veg ut av.

Kva hadde skjedd med Noreg, og verda, dersom vi hadde latt viruset herje fritt fram til det kom ei vaksine?

Eg forventar at de tek den neste krisa, den vi faktisk står midt i allereie, like alvorleg.

Eg forventar at de tek den neste krisa, den vi faktisk står midt i allereie, like alvorleg.

For det kjem ikkje til å kome noko vaksine mot klimaendringar, og når problema har blitt så store at dei ikkje kan ignorerast lenger, vil det vere for seint.

Forsking seier at dersom vi skal nå klimamåla, må verdas CO2-utslepp kuttast med 45% innan 2030.

Skal vi klare det, trengs det drastiske tiltak, slik som å fase ut oljeboringa.

Desse tiltaka må skje raskt, og vi veit allereie at det vil bli upopulært, at folk vil klage, men det er faktisk heilt nødvendig.

Vi kan ikkje fortsette å pumpe opp mangfaldige tonn med CO2 om vi vil sikre framtidige generasjonar ein levedyktig planet! Og jo lenger vi ventar, jo vanskeligare vil det bli å omstille seg i tide.

Å endre måten vi lev på vil ikkje vere enkelt, men er det ein ting vi har vist dei siste to åra, så er det at vi er i stand til det, berre krisa er stor nok.

Sjølvsagt var det kjipt å miste russetida, å måtte avbestille den utanlandsferien, å ikkje kunne klemme besteforeldra sine, men det var nødvendig. Akkurat då var det ikkje vi som var viktigast.

Sjølvsagt var det kjipt å måtte avbestille den utanlandsferien, men det var nødvendig

Det vil også vere kjipt for mange å ikkje kunne kjøre dieselbil eller ete kjøt så ofte, men også her er det nødvendig.

Også her er det ikkje vi som er viktigast.

Berre tenk dykk om litt; Vil den ekstra flyturen vere verdt det om det betyr at oldebarna dine må oppleve global matmangel og døydelege temperaturar?

I diskusjonar om klimatiltak høyrer ein ofte at Noreg har så låge utslepp samanlikna med andre land at det ikkje vil ha noko å seie uansett. Og det stemmer kanskje, men det er ikkje rett å krevje at andre land skal kutte utslepp medan vi tviheld på «verdas reinaste olje».

Reinast i denne samanhengen tyder berre «minst skitten». Vi må gå føre som eit godt eksempel, og så får vi berre håpe at resten av verda føl etter.

Eg vil i alle fall mykje heller sjå verda døy, og vite at vi gjorde alt i vår makt for å hindre det, enn å ikkje gjere noko.

Vi har alle eit ansvar for å hindre klimaendringar, og sjølv om vi som enkeltmenneske kan utgjere ein liten skilnad, så er det ikkje nok.

Her har de, de som styrer landet, eit enormt ansvar.

Varsellampane har blinka i årevis, verdas forskarar kjem med åtvaring etter åtvaring, born og unge som ikkje er gamle nok til stemme brøler av full hals etter handling.

Vi har inga tid å miste, og difor seier eg:

Kjære, nye regjering:

Vi lytta då de gong på gong bad oss om å ofre klemmar, sydentur og russetid, uansett kor mykje det kosta oss.

No er det dykkar tur til å gjere det same! 

Dette innlegget fekk heiderleg omtale etter skrivekonkurransen til Framtida.no om håp for framtida.


Har du noko på hjartet? Send dine tankar/meiningsinnlegg til tips(a)framtida.no!