Uforståelege pensumtekstar og kor dei er å finne


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Favorittscenen min i Friends er den kor Joey skriv eit anbefalingsbrev på vegner av Chandler og Monica. Han synest det er viktig at byrået ser på han som smart, så han byter ut kvart einaste ord i teksten sin med eit synonym frå synonymordboka. 

Brevet han sit igjen med er like uforståeleg som pensumtekstane eg får tildelt på universitetet mitt. 

Ordbok frå svigermor

Eg har alltid vore ein fan av enkelt språk. Kvifor gjere det vanskeleg når det kan vere lett? Dei beste og smartaste lærarane eg har hatt, har forklart ting med enkle ord og artige eksempel. Dei som ikkje var så smarte, har brukt mange vanskelege ord, slik at vi skulle tru dei var smarte. 

Nokre av pensumartiklane vi får servert gir meg inntrykk av at forfattaren fekk ei ordbok til jul av svigermor, og kjenner på ei trong til å vise at ho har brukt ho. Nett som ein litt kløande genser, eller ei litt stygg lue.

Forskjellen er at denne forskaren sit og synest at ho er intelligent etter å ha trykt publiser, i staden for å klø og kjenne ubehag. Den kløen og ubehaget er øyremerkt lesaren. 

Skjermdump frå Mary Douglas sin artikkel «Animals in Lele Religious Symbolism»

«A subsidiary characteristic of animals is held to be their immense fecundity». For kvar setning av denne typen, må eg slå opp minst tre ord. Og definisjonen av desse tre orda inneheld gjerne tre nye ord eg ikkje forstår.

På den måten kan ein lure på om akademiske tekstar eigentleg er sponsa av ordbøker på nett, sånn at dei kan få enda høgare inntekter frå sal av reklame. 

Kva om ein ikkje er professor i engelsk?

No må det også verte nemnt at ein god del av artiklane og bøkene vi les er på engelsk. Vi skal ikkje berre forstå umoglege ord på norsk, men på eit språk som ikkje eingong er morsmålet vårt.

Kva om ein ikkje har pugga alle orda Shakespeare laga medan han skreiv poesi?

Kva om ein ikkje tenner røykjelse av utgravne ordbok-sider og inhalerer kunnskapen gjennom nasegangane?

Kva om ein ikkje er ein professor i engelsk? Eg trur eg spurde ein lærar om dette ein gong, men eg skjønte ikkje svaret eg fekk. 

Sjølv ordet pretensiøs er pretensiøst. Eg er heilt ærleg drit lei av akademikarar som skal stå portvakt for informasjon. Dei beste tekstane er dei som er skrivne med ord som går an å forstå, sjølv utan ei doktorgrad i latin og gammal-engelsk. 

No er det kanskje nokon som er provosert, eller irritert, over meg. Men eg vil legge til at eg ikkje er ein mostandar av fagspråk. Eg er ein motstandar av å skrive alle orda rundt fagspråket så vanskelege at ingen forstår dei.

Om ein ynskjer å seie at løver er farlege, treng ein ikkje formulere det som «Ein pathera leo kan for nokre bli forstått å ha ein formidulosus dimensjon som truar tryggleika i individets tilvere.» 

Det er faktisk lov å berre seie at løver er farlege. 


Alle illustrasjonar: Linn Isabel Eielsen