Linn Isabel Eielsen
Publisert
Oppdatert 05.09.2021 21:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hei, og velkommen til UHELL-BINGO!

Denne veka skal vi rett og slett sjå kor uheldig eit menneske kan vere, og premiere deretter! Dersom du er den heldige uheldige som har opplevd dei utvalde uhella, kan du vinne en HOLVO 420!

Alt du treng å gjere, er å setje deg godt til rette i stolen, finne fram ein kulepenn, og følgje nøye med på bingobrettet ditt.

Neida.

Men det er omtrent slik det kjennest av og til. Eit uhell kjem sjeldan aleine, og dette er eit ordtak eg trur meir og meir på etter veka eg har hatt. Eg har nemleg fått nesten fullt brett!

Det heile begynte med eit inkassovarsel på SMS. Personleg synest eg det er vanskeleg å betale ein faktura eg aldri har fått, men det er kanskje berre meg. Inkassobyrået informerte meg om ei lov som seier at forbrukar har ansvar for å oppsøkje betalingsinfo, og straffa meg med nådelause hundrelappar i gebyr.

Notat til framtidige meg: FØLG BETRE MED. ALT GÅR TIL HELVETE. SLUTT Å HÅPE PÅ DET BESTE. 

«I’ve got guns. Should I shoot you?»

Dagen etter eg mista pengane mine til inkasso-folket, bestemde eg meg for å sløse vekk resten av pengene eg ikkje hadde på mat. Faddergruppene på det nye studiet mitt hadde samla seg. Vi var omtrent 60 Bent Høie-smitteverndisiplar på ein open grasplen, og nokre av oss bestilte matlevering.

Då leveringsbodet ringde meg, gjekk eg vekk frå dei andre for å hente maten. Eg sa at eg hadde på meg ein gul genser, og spurde om han kunne sjå meg. Han svarte på engelsk «I’ve got guns. Should I shoot you?». Min naturlege reaksjon var å seie «hæ?» og prøve å sjå kor han var. Eg såg han ikkje.

Han gjentok seg sjølv, og sa at han hadde våpen og skulle skyte meg. Eg satt meg ned på bakken. Såg han fortsatt ikkje.

Rundt meg var det fullt av unge menneske som lo, åt og høyrde på musikk. Men eg høyrde dei ikkje lenger. Det einaste eg høyrde var hjarta mitt som banka, og tankane mine som ropte at eg måtte kome meg vekk.

Eg gjekk til ein av faddarane og sa kva som var på gang, og mannen kom opp med maten vår. Fleire av oss ringde politiet, deriblant meg, og svaret eg fekk der var: «Det er mykje som skjer no, men vi skal prøve å få sendt ein bil». Folk i kullet mitt begynte å sirkle seg rundt han, og det viste seg etter kvart at han ikkje hadde våpen. Berre sjukt dårleg humor.

P-stav-angst

To dagar seinare stod eg og prøvde klede på Oslo City med Kristine. I spegelen la eg merke til eit flekkete, svært blåmerke på overarmen. Den første tanken min var at p-staven min måtte ha flytta på seg, og eg klarte ikkje å kjenne han.

Eg vil minne om at eg er jenta som svimte av under førstehjelpsundervisninga på barne- ungdoms- OG vidaregående skule. Så då er det heilt naturleg at tanken på eit implantat svømmande fritt rundt i kroppen min fekk meg til å svime av på veg ut av butikken.

Heldigvis hadde eg på meg ein ny og fin kjole, så eg såg ganske bra ut.

Det kom ein sjukepleiarstudent på fjerde året, som tifeldigvis også var Securitas-vakt! Ho var heilt fantastisk, og sa at eg var heilt gul i trynet av lågt blodtrykk og at Kristine måtte gå og kjøpe Cola til meg. Deretter fekk eg bruke personaltoalettet til å sjekke at eg ikkje var gravid, og ho informerte meg om at dei nesten ikkje lærer noko om prevensjon på studiet.

Dette forsterkar berre teorien min om at kvinnehelse til saman har fått 5 kroner i forskingsbudsjett fordelt på dei siste hundre åra. 

Eit uhell kjem heldigvis aldri aleine

Anna enn det her, så har det ikkje skjedd så alt for mykje. Det var ein brann i studentbustaden min. Eg møtte opp til feil første skuledag. P-staven min hadde tydelegvis ikkje flytta på seg, noko som betyr at stresset mitt var forgjeves, og alle legetimene eg drog rundt på var bortkasta tid og ressursar. 

Eg har også lært eit par ting. Sjølvsagt det med at lova seier at eg er ansvarleg for andre sin jobb når det kjem til fakturaer, men også éin ting til.

Det at eit uhell aldri kjem aleine, har ei djupare betydning. 

Når uhellet kjem på ein grasplen, så stiller klassekameratane mine seg rundt den potensielle gjerningspersonen og får han til å ha hendene i vêret, medan andre ringer politiet. Det er samhald, og ingen er aleine. 

Når uhellet kjem i andre etasje på Oslo City, kjøper vennen din Cola til deg på butikken, og hjelper deg så godt ho klarar. Eg var ikkje aleine. 

Og når uhellet kjem midt på natta, kor brannalarmen hylar når ting endeleg har roa seg litt ned, då kjem kjærasten bort og sit med meg til det er ferdig. Han visste at eg hadde hatt ei tøff veke, og ville ikkje eg skulle vere aleine. 

Så ja. 

Eit uhell kjem heldigvis aldri aleine. 


Les om då politiet ransaka leilegheita til Linn Isabel Eielsen og fann brukte truser og Gleden med skjeden

Foto: Linn Isabel Eielsen