FHI klare til rulle ut tredje vaksinedose til alle

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dersom det blir aktuelt, kan utrulling av tredje vaksinedose til heile befolkninga bli sett i gang når som helst, seier FHI-direktøren.

– Vi er klare til å setje i verk dette når som helst, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg til NTB.

Regjeringa held fredag ein pressekonferanse om koronasituasjonen etter aukande smittetal den siste tida.

Oppfriskingsdose

Kommunane er allereie godt i gang med å tilby alle over 65 år ein tredje vaksinedose mot covid-19, også omtalt som oppfriskingsdose. Snart står òg helsepersonell for tur.

Folkehelseinstituttet (FHI) har i tillegg lagt planar for å gi ein oppfriskingsdose til resten av befolkninga, altså alle mellom 18 og 64 år. Her er det likevel ikkje teke ei endeleg avgjerd, men planlegginga er altså i gang.

– Dette vil vere noko som blir rulla ut i løpet av omtrent eit halvår, dersom det blir aktuelt, seier Stoltenberg.

Det er ennå ikkje tatt ei avgjerd om alle vaksne i Noreg skal få tilbod om tredje vaksinedose. Men dersom det blir aktuelt, er FHI klare til å setje i verk utrullinga når som helst, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg. Arkivfoto: Lise Åserud / NTB / NPK

– Godkjenninga av ein oppfriskingsdose er basert på at det skal gå minst seks månader frå ein fekk den andre dosen. Det betyr at dei fleste i den gruppa ikkje skal ha ein oppfriskingsdose – om dei skal ha han i det heile – før det har gått noko tid, seier ho.

Det er god nok tilgang på vaksinar for ei eventuell utrulling av tredje dose til alle, forklarer Stoltenberg, som seier det i hovudsak vil dreie seg om vaksinar vi allereie har fått, eller har avtale om å få.

Fleire land ligg før

Det europeiske Legemiddelverket (EMA) gav førre månad grønt lys for bruk av ein tredje vaksinedose.

I førre veke vedtok danske styresmakter at alle danskar over 18 år skal få tilbod om ein tredje vaksinedose, eit arbeid som etter planen vil starte i desember. Også i Sverige har styresmaktene teke avgjerda om å tilby alle vaksne ein tredje dose. Utrullinga vil skje i løpet av vinteren og utover våren, uttalte regjeringa for nokre veker sidan.

I ei rekkje land er arbeid med å gi tredje dose til alle allereie godt i gang. I Israel er nær halvparten av befolkninga vaksinert med tredje dose.

Men her til lands er det altså enno ikkje teke ei avgjerd. Stoltenberg avviser likevel at Noreg heng etter.

– Vi heng ikkje etter, vi har valt å sjå det an. Vi er meir opptekne av å formidle at det er ei løpande vurdering av nytte og risiko, seier FHI-direktøren.

Håpar på høg oppslutning

Helsestyresmaktene har vore tydelege på at det framleis er avgrensa kunnskap om verknaden av ein tredje dose koronavaksine.

FHI håpar sterkt på ei høg oppslutning blant dei eldre som no får tilbod om tredje dose, og Stoltenberg forklarer at dei har fått tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag for å kunne fastslå at nytta overstig risikoen hos dei eldre.

– Når det gjeld dei som er yngre enn 65, så er det meir uklart, men dette følgjer vi og mange andre land nøye med på heile tida. Og vi vil derfor komme med tilrådingar fortløpande, avhengig av korleis pandemien og kunnskapsgrunnlaget utviklar seg, seier ho.

– Kva skjer så seks månader etter ein eventuell tredje dose, må ein då ta ein fjerde dose og så vidare?

– Det veit vi ikkje enno. Men vi er jo vant med at vi har ein årleg sesongvaksinasjon knytt til influensa. Det kan tenkast at vi kjem i ein slik situasjon når det gjeld korona, men det er for tidleg å seie, seier Stoltenberg.


Camilla Stoltenberg hadde sin fyrste sommarjobb då ho var 15. Etter ungdomsskulen tenkte ho å forsørge seg sjølv. Foto: FHI/Privat