Kjære politikar: «Er det ikkje snart yrkesfag sin tur?»

Marius Vassnes (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kjære politikar. Eg har ei forventning til deg. Me har ei forventning til deg. No må du prioritere yrkesfag!

«Norge vil ha for få med yrkesfaglig bakgrunn fra videregående i årene som kommer.», skriv SSB i ein rapport. I rapporten kjem det fram at Noreg treng fleire arbeidarar i praktiske fag. Dei yrka du kan jobbe i etter å ha fullført ei yrkesfagleg utdanning på vidaregåande.

Me treng blant anna fleire arbeidarar i bygg og anlegg og helse og oppvekst. Me treng handverkarar, helsefagarbeidarar og likande.

Rapporten til Statistisk Sentralbyrå tek for seg etterspurnaden etter arbeidskraft fram mot 2035. Noreg vil mangle nesten 90 000 fagfolk i 2035!

«Dei som ikkje er gode nok frå studiespesialisering»

Sånn som det er no, er det for få som søkjer yrkesfag. «På yrkesfag går dei som ikkje er gode nok frå studiespesialisering». Slik er det ikkje.

På yrkesfag går elevar som er flinke med hendene, har omsorg for menneske, og er minst like gode i matematikk som gjengen på studiespesialisering.

Mange av retningane blir gjerne skildra som dårleg betalt, og det blir brukt unnskyldninga at du i alle fall er sikra jobb resten av livet. Og det er greitt nok det. Ei trygg framtid er viktig. Kor trygg er eigentleg denne framtida når prisane i landet stig kvart år, men lønnsoppgjeret står på staden kvil?

Kva skjer når sjukeheimen og barnehagen i bygda blir ein spøkelsesby, nesten utan tilsette?

Dei høgt utdanna sit på kontor og lagar planar, rapportar og opplegg. Dei treng me. Dei er viktige. Men kva skal me med dei, når ingen kan setje planane og opplegga ut i praksis?

Kva skjer når sjukeheimen og barnehagen i bygda blir ein spøkelsesby, nesten utan tilsette? Kva med bestemor på sjukeheimen, eller veslebror i barnehagen? Kven skal ta seg av dei? Kven skal byggje det planlagde sjukehuset dersom alle sit på kontor?

Prøv å sjå det for deg. Dersom alle drøymer seg til høgare løn for å få litt meir mjølk i glaset, og litt meir pengar i banken, kva skjer med dei praktiske yrka våre då?

Me treng elektrikaren, røyrleggaren, helsefagarbeidaren, barne- og ungdomsarbeidaren og frisøren, for å nemne nokre.

Me treng fleire flinke, stolte yrkesfagelevar

I 2020 såg me eit døme på kor viktig yrkesgrupper utan høg utdanning er. Då bussjåførar over heile landet streika, stoppa kollektivtransporten heilt opp. Folk kom seg ikkje på jobb, og elevar gjekk glipp av skulen.

Bussjåførane ville ha høgare lønn, og betre arbeidsvilkår. Eit behov som speglar seg i mange av yrkesfag-yrka. Det blir for dumt om me skal setje samfunnet på pause på grunn av streik titt og ofte, i staden for å sjå til at det ikkje er nokon grunn til å streike.

Me treng fleire, flinke elevar som går yrkesfag, og kjenner seg stolte over det. Vidareutdanning er bra, men bør ikkje vere noko alle får høyre at dei må ha. Det bør ikkje vere stigmatisert at ein yrkesfagarbeidar ikkje lukkast i livet.

No er det på tide. Yrkesfag må bli prioritert. Me vil ikkje mangle 90 000 fagfolk i 2035, vel?


Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til tips (a) framtida.no. 


Cathrine Haga (19), Lina Håvik (22), Helene Karlsen (19) og Stina Heldal (19) har alle fagbrev som helsefagsarbeidarar. No tar dei påbygg for å ha høve til å ta ei annan utdanning og få seg høgare løn. Foto: Svein Olav B. Langåker