«Ta frå prinsesse Märtha Louise tittelen – redd monarkiet!»
Kongefamiliens oppgåve er å representere og tene folket. Ikkje tene pengar på medieproduksjonar og næringsverksemd ved å bruke tittelen sin, skriv Simen Bondevik.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget vart sendt inn via debattportalen til Framtida.no, men vart først publisert på Facebook-profilen til Simen Bondevik.
Eg er ein sterk tilhengjar av både kongefamilien og monarkiet. Vi er heldige som har ein så flott kongefamilie. For å bevare monarkiet vårt er det no på tide at Kong Harald og Dronning Sonja tek eit ubehageleg, men høgst naudsynt grep.
Prinsesse Märtha Louise bør bli fråteke prinsessetittelen.
Eg reagerte med sjokk og vantru då eg såg Netflix-dokumentaren «Royal Rebels». Durek Verrett omtalar Kong Harald og Dronning Sonja på ein svært respektlaus måte, medan prinsesse Märtha Louise sit ved sida hans og nikkar, smiler og ler.
Dei brukar nok ein gong prinsessetittelen i kommersiell samanheng i ein medieproduksjon – stikk i strid med avtalen med Kongehuset. Verrett kjem òg med alvorlege rasismeskuldingar mot kongefamilien.
Lite truverdige rasismeskuldingar
Kongefamiliens oppgåve er å representere og tene folket. Ikkje tene pengar på medieproduksjonar og næringsverksemd ved å bruke tittelen sin. Dette synet deler kongehuset, og det har blitt presisert i ein skriftleg avtale.
«Royal Rebels» er nok eit brot på dette. I dokumentaren blir prinsessetittelen brukt minst 34 gonger. Det er svært problematisk. Slik misbruk av tittelen kan svekkje folk si tillit til heile kongefamilien og monarkiet.
Det er provoserande og fullstendig uakseptabelt at Verrett blir utsett for rasisme på sosiale medium. Men rasismeskuldingane han fremjar mot kongefamilien gjennom «Royal Rebels» framstår som lite truverdige.
Kong Harald har lenge vore ei tydeleg antirasistisk stemme i norsk offentlegheit.
Den berømte inkluderingstalen i Slottsparken, som blei halden lenge før Verrett var inne i biletet, er eitt av mange døme på det. Kongehuset har òg kome med ei tydeleg fråsegn mot rasismen Verrett har vore utsett for på sosiale medium.
Pressa si oppgåve å stille ubehagelege spørsmål
Måten prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett omtalar norsk presse på i dokumentaren, gjev meg ein stor klump i magen. Det er ikkje vanskeleg å forstå at det kan vere ubehageleg med eit kritisk søkjelys frå media, men det er faktisk pressa si oppgåve å stille kritiske spørsmål og belyse kontroversielle utsegner. Særleg frå personar som sjølve oppsøker offentlegheita i så stor grad som Verrett gjer.
Media må kunne stille spørsmål ved sal av medaljong mot korona eller utsegna om at ein kan tenkje seg fri frå kreft, utan å bli skulda for rasisme.
Det er ikkje vanskeleg å forstå at Kong Harald kvir seg for å ta frå prinsesse Märtha Louise tittelen. Men dersom det ikkje blir teke eit slikt grep, fryktar eg at støtta til monarkiet vil søkke. Det ville vore svært synd. Noreg treng eit sterkt monarki og ein samlande kongefamilie. Prinsesse Märtha Louise har gjentekne gonger vist sviktande dømmekraft og misbrukt tittelen i kommersielle samanhengar. Difor bør Kong Harald ta prinsessetittelen frå henne.